Bergen: Grunnlova § 112 og miljølovgjevingstiltak

  • DATO: 
    21/01/2016
  • Klokkeslett: 
    kl 18:00 til kl 20:00
  • STED: 
    Bergen kunsthall, Rasmus Meyers allé 5. 2. etasje.

Foredrag ved Sigrid Eskeland Schütz: Korleis sikrar styresmaktene livsgrunnlaget for akvatiske økosystem?

schutz

Foto: Eivind Senneset, UiB

Vi likar å sjå på våre fersk- og kystvatn som reine og urørte, men forureining, kraftutbygging, fiskeoppdrett, sjødeponi og annan aktivitet legg press på ressursane. Endatil tiltak med klimaføremål, som flaumsikring av elvar, kan leggje press på levevilkåra i elva. Grunnlova § 112 slår fast at alle har rett til eit helsesamt miljø og ein natur der produksjonsevna og mangfaldet blir halde ved lag. Samstundes er det eit krav at statlege styresmakter skal setje i verk tiltak som gjennomfører grunnsetningane. Kva gjer norske styresmakter for å sikre seg oversyn over det samla presset på akvatiske økosystem? Kva er dei sentrale rettslege grepa som vert nytta for å motverke forureining og tiltak som ytterlegare forverrar den økologiske tilstanden?

Sigrid Eskeland Schütz er professor ved Det juridiske fakultet i Bergen og leiar for forskargruppa for naturressurs-, miljø- og utviklingsrett. Ho har vore domarfullmektig i Sunnhordland og m.a. medlem av ”Miljøgiftsutvalget”: Innstilling lagt fram i NOU 2010: 9 «Et Norge uten miljøgifter».

Åpent for alle interesserte – gratis adgang. Arrangør: Besteforeldrenes klimaaksjon

Spre klimavett,
del denne saken!