Dette er eit felles arrangement av Kirkens Nødhjelp og Besteforeldrenes klimaaksjon, som set fokus på klimautviklinga i fattige land – og det aukande behovet for klimabistand.
Utstillinga viser foto av Kirkens Nødhjelps fotograf Håvard Bjelland. Ho vil stå under heile klimafestivalen «Varmare, våtare, villare», som byrjar dagen etter. Sindre Skeie, prest, klimaakivist og salmediktar, har skrive dikt til bileta. Dei er begge med på arrangementet, under leiing av Gunnar Kartveit frå Besteforeldrenes klimaaksjon.
Møtesalen (øvste etasje i Kulturhuset) er open frå 17.30. Gratis servering av drikke og snacks.
Program:
– Sindre på flygel, felles song
– Sindre les nokre av sine dikt til Håvards bilete
– Håvard om møte med menneske og natur som er råka av klimaendringar. Gunnar intervjuar.
– Sindre om prosessen frå bilete til poetisk tekstar. Gunnar intervjuar.
– Avslutning med allsong
– Høve til å sjå bileta og snakke med Sindre og Håvard