
BUSINESS AS USUAL. Regjeringen vil kjøpe flere EU-kvoter. Ingen kan si hva det betyr for norske klimagassutslipp. Og oljeutvinningen i nord skal fortsette med uforminsket styrke, som før.
Eg meiner det er viktig å bruke humor og satire for å avdekke dobbeltspelet i norsk klimapolitikk, seier besteforeldreaktivist Ola Dimmen i Trondheim. Mange kjenner han som musikalsk leiar for Besteforeldrenes populære rangleorkester. Men han har fleire strenger å spele på og brukar også gjerne bildet og billedmontasjen som våpen.
– Som lærar veit eg at unge menneske etterlyser ærlege svar og ikkje den utålelege sjølvtilfredse propagandaen som blir servert på politiske møter, i debattar på TV og så bortetter. – Samtidig tenkjer eg at fråværet av fornuftig leiarskap også kan få oss til å vakne. Det er noko av dette eg prøver å formidle i billedmontasjane mine. Når vi høyrer politikarane snakke gir dei inntrykk av å ha forstått klimaalvoret. Men dei har ikkje fått det inn i hjartet, og er ikkje så redde som dei burde ha vore. Vi treng humor og ikkje minst ironi for å møte nytalen deira. Vi må få latteren på vår side!
GÅ TIL BASEN «Klimasatire» her: http://www.klimasatire.no Bilda ligg i mini-format og kan med eit klikk hentas opp i høg oppløysing. Dei er alle til fri bruk, understrekar Ola.