Besteforeldra i Trondheim har hatt juleavslutning, og var så heldige å få besøk av Miljøagentar frå Stjørdal og Meråker. Dei fortalde om alt dei har gjort i 2022, og presenterte ei imponerande liste med aktivitetar som lefsebaking, fuglemerking og kattuglebesøk, flaggermus-safari, turar til truga myrområde, sushikurs, gardsbesøk og mykje meir.
Naturglede og positive erfaringar er grunnlaget for alt miljøengasjement, meiner Siv Grethe Aarnes som er primus motor i dette arbeidet. Tidlegare i haust vart ho tildelt frivilligheitsprisen som årets vaksenkontakt av Miljøagentane. Besteforeldra gratulerer!
BKA og Miljøagentane i Trøndelag hadde også ei felles samling i vår, slik biletet viser. Det var sers velluka og dei skal gjenta suksessen til neste år med mellom anna kurs i seljefløytespikking og felles aksjonar for å markere viktige saker. – Slik relasjonsbygging er viktig, seier Ola Dimmen, og inpirerande for ein organisasjon med vårt særpreg og vårt kjende slagord: Barnas klima – vår sak!
Som alltid når Besteforeldra i Trondheim møtast, kjem gitaren til Ola og songhefte fram. Ein hyggeleg kveld vart avslutta med hans nye musevise!
For et hyggelig arrangement sammen med miljøagenter og Trondheimslaget. Og som alltid en sang med snert i fra trubaduren Ola Dimmen. Alt i BKAs ånd!