Det vart ei fin markering i parken i Dale i Sunnfjord då Normann Natland kom dit i går. 25-30 bygdefolk var samla for å høyre han fortelje frå «sykle for klima»-turen frå Alta. Lærar og trekkspelar Torodd Fagerheim akkompagnerte allsongen, medan Erik Solheim, den tidlegare leiaren i Naturvernforbundet, hadde tatt vegen frå Førde for å halde ein appell – på rim for dei imponerte tilhøyrarane!
![](https://www.besteforeldreaksjonen.no/wp-content/uploads/2020/06/dale-2-1024x601.jpeg)
Mange miljøengasjerte sunnfjordingar kom for å høyre Normann Natland fortelje om den store sykkelturen og sitt engasjement for born og framtida – og for å syngje saman. Foto: Eldrid Skudal
![](https://www.besteforeldreaksjonen.no/wp-content/uploads/2020/06/erik-appell1.png)
![](https://www.besteforeldreaksjonen.no/wp-content/uploads/2020/06/erik-appell-2.png)
![](https://www.besteforeldreaksjonen.no/wp-content/uploads/2020/06/dale-5.jpeg)
Ingen kan få opp songgleda som Torodd Fagerheim når trekkspelet kjem fram. Foto: Eldrid Skudal
![](https://www.besteforeldreaksjonen.no/wp-content/uploads/2020/06/dale-4-1024x1014.jpeg)
Ein glad og fornøgd Normann Natland på veg vidare sørover. Neste stopp er ferjeleiet på Rutledal. Foto: Eldrid Skudal
Nydelig! Sigrid Undset siterer St. Thomas omtrent slik: Det kommer intet inn i intellektet, som ikke først har vært innom følelsene.