«Mens vi støttar oss til forteljinga om at vi hjelper fuglane, lukkar vi auga for at vi gjer livet stadig vanskelegare for dei. Slik haltar verda og vårt eige samvit vidare», skriver Brit Bildøen i Klassekampen 30.11.2012. Tjæresandprosjektet i Canada er et klimaproblem, og en trussel mot urfolk. Men det er også et problem for den ikke-menneskelige natur, og ikke minst for fugler som søker seg til de store bassengene fulle av gift fra utvinningen. «Naturen var ein gong vår heim, og inntil nyleg levde vi i nær kontakt med andre artar. No har vi i stor grad mista kontakten med naturen og med dyra, og dette tapet gjer at vi ber på ei underleg sorg.»
OFTE KAN VI FÅ INNTRYKK AV AT det er dyra og naturen som øydelegg for oss, ikkje omvendt. Journalist og redaktør Anders Waage Nilsen viser i bloggen sin 11. november til ei overskrift i Dagbladet same dag: «Samfunnet må betale dyrt for naturmangfoldet.» Vidare skriv han: «Som leser opplever jeg at journalister svært ofte tar utbyggerens perspektiv i konflikten mellom utbyggingsiver og forpliktelser overfor ulike naturtyper. De speilvender nesten konsekvent historien: Naturarven er en trussel mot vekst og fremskritt. Det er alltid ramsløkfluen som ødelegger for byggeprosjektet, og ikke byggeprosjektet som ødelegger for ramsløkfluen.»
Slik også med tjøresandprosjektet i Canada, som har eit fugleproblem – i tillegg til alle dei andre miljøproblema som heftar ved verksemda. I 2008 landa ein flokk på fem hundre ender i ein av dei mange giftpølane i Alberta. Lagnaden deira førte til store overskrifter og ei stor erstatningssak. Utvinninga av tjøresand, eller oljesand, etterlet avfallsstoffet bitumen, svart, seig hydrokarbon. Dette blir lagra i dammar som frå lufta kan sjå ut som vanlege innsjøar. Og trass i bruk av luftkanonar for å skremme trekkande fuglar vekk frå desse dammane, så skjer det stadig små og store dyretragediar. I 2010 landa igjen ein fugleflokk på meir enn fem hundre individ på ein av desse giftsjøane. Denne gongen unngjekk oljeselskapa erstatningssak, fordi miljøekspertane deira kunne godtgjere at sterk vind og isregn hadde tvinga fuglane til å nødlande.
For selskapa som driftaroljesandutvinninga held seg med miljøekspertar, som prøver å redusere skadane på natur- og dyreliv så godt dei kan. Ekspertane finn stadig nye metodar for å skremme vekk fuglane, mellom anna laser og mekaniske falkar, og dei jagar bort bjørn og rev. Igjen denne søte, men akk så falske, forteljinga om at vi kjem dyra til unnsetning. Den eigentlege forteljinga handlar om den skitnaste av alle skitne oljebransjar, som omskaper store villmarksområde til eit svart og stinkande månelandskap.
Vi som sit på god avstand frå dette elendet, veit godt at også vi har tjøre på vengene. Statoil måtte tidlegare i år møte i kanadisk rett, tiltalt for 19 brot på vasslovgivinga. Selskapet har vedgått sine feil, og vil etter alt å dømme måtte betale erstatning. Det er sterk motstand blant norske miljøorganisasjonar, men også skepsis i befolkninga elles, mot at eit norsk oljeselskap skal vere involvert i eit så miljøskadeleg prosjekt. Statoil har sjølv lagt fram tal som viser at forureininga var langt høgare enn forventa. Den første oljen dei produserte frå tjøresand i 2010 medførte 85 gonger så høge CO2-utslepp som eit fat med vanleg nordsjøolje. Desse utsleppa får konsekvensar for oss alle. Det er også smertefullt å vite at norsk aktivitet vil bidra til å påføre den kanadiske naturen uopprettelege skader.
Ja, eg brukar ordet smertefullt. Den amerikanske forfattaren og naturskribenten Barry Lopez har sagt at måten vi behandlar dyr på, plagar oss. Naturen var ein gong vår heim, og inntil nyleg levde vi i nær kontakt med andre artar. No har vi i stor grad mista kontakten med naturen og med dyra, og dette tapet gjer at vi ber på ei underleg sorg. Denne sorga kjenner eg på når eg les i ein rapport at vi må rekne med eit svinn på 166 millionar fuglar, berre over Canada, berre i løpet av 30-50 år. Denne sorga kjende eg på da eg såg den fantastiske dokumentarfilmen Fugler i flukt (Le peuple migrateur), som følgjer fugleflokkar på lange reiser over fleire kontinent. Aldri har eg gråte meir på kino enn da eg såg denne filmen. Den trefte meg ein underleg stad, i eit medvit eg ikkje visste at eg hadde, i dyremedvitet mitt. Eg kjende meg som ein fugl, som ei and. Eg var ei av dei, høgt der oppe.
Filmen som fekk meg til å forstå at eg er ei and, at eg er det også, er tatt opp mellom anna ved hjelp av mikrofly av den typen Putin flaug rundt i. Viss han ikkje juksa, da, slik han har for vane. Filmen gir deg inntrykk av å vere midt i fugleflokken, høgt over varierande og til dels fantastiske landskap. Saman med ender, gjess og og pelikanar kryssar du enorme havstrekk, landar på eit krigsskip, flyr under bruene i Seinen, snør ned i Sibir, blir tvinga ned av røyken frå Ruhr-området. Regissøren Jacques Perrin og teamet hans tar deg med på ein fantastisk odyssé, der du får innblikk i dei vanvittige strabasane trekkfuglane må gjennom kvart år. Og kanskje får du dyremedvitet ditt tilbake.
Putin, go home, seier no eg. Og det bør også gjelde for Statoil.
(Gjengitt med tillatelse fra forfatteren)