«Dette er ein historisk dag. I dag har vi saksøkt den norske stat». Slik opna leiar for Natur og Ungdom, Ingrid Skjoldvær, pressekonferansen om klimasøksmålet mot staten for brot på Grunnlova i Nobels Fredssenter i Oslo i dag. Saman med Greenpeace vil Natur og Ungdom forsøke å stanse opning av nye oljefelt i Barentshavet, basert på paragraf 112 i Grunnlova – også kalla miljøparagrafen. For første gang vil denne paragrafen bli prøvd for retten. «Den gylne regel» gjeld ikkje berre horisontalt, understreka forfattaren Jostein Gaarder i sitt innlegg. Han gjeld også vertikalt: Vi har ansvar for våre etterkomarar og deira livsvilkår.
Stevning levert
Norske styresmakter verken høyrer eller ser kor alvorleg eit trugsmål klimaendringane er, og med 7000 NU-medlemar i ryggen godtek ikkje Skjoldvær at framtida for henne sjølv og millionar av andre unge skal setjast på spel av korttenkte politikarar. – Vi meiner at staten har brote med sitt ansvar for framtidige generasjonar ved å opne opp for massiv oljeutvinning.
Leiar i Greenpeace Norge, Truls Gulowsen, løfta Stevning til Oslo Tingrett, eit dokument på 44 sider, og sa det vart levert Staten ved Olje- og energidepartementet kl 9:06 denne morgonen. Han viste til kva Norge har forplikta seg til i samsvar med Paris-avtalen, men at styresmaktene held fram som før. Søksmålet har støtte frå heile klimarørsla, frå menneskerettsorganisasjonar, forfattarar, kunstnarar og religiøse grupper. Privatpersonar har i løpet av første veka etter at oppfordringa gjekk ut, donert to hundre tusen kroner til søksmålsarbeidet.
Klimaendringane har alt gjort uboteleg skade på kloden. Dersom vi skal halde oss innan togradersmålet, for ikkje å snakke om 1,5 grader slik statane vart einige om i Paris, kan vi ikkje opne nye oljefelt om ti til femten år. Saksøkjarane ynskjer å gjera vedtaket om tildeling av 23. konsesjonsrunde ugyldig.
Den amerikanske klimaforskaren James Hansen er igjen i Norge for å støtte klimasøksmålet, og slo under pressekonferansen fast at temperaturen på jorda nå er 1,3 grader høgare enn i førindustriell tid. Saman med sitt eldste barnebarn Sophie har han sjølv saksøkt den amerikanske regjeringa og krev utsleppsreduksjonar. Forskinga er klar: Det aller meste av resterande fossil energi må forbli under jorda. I USA er det også andre liknande saker på gang.
Norge ser ut til å vere fast bestemt på å sabotere Paris-avtalen før han i det heile tatt trer i kraft, skriv James Hansen i et ope brev til Erna Solberg i Dagbladet i dag. «Et arktisk oljekappløp setter hele menneskeheten i fare.»
Det er advokatane Cathrine Hambro i Wahl-Larsen Advokatfirma AS og Emanuel Feinberg i Glittertind AS som skal føre saka for Greenpeace og Natur og Ungdom. Cathrine Hambro seier dette er ei alvorleg sak, og at ho er stolt over å få representere desse organisasjonane. Det er mange vektige fakta som støttar søksmålet, blant dei karbonbudsjettet og at leiteområdet er spesielt sårbart.
Underskriftskampanje til støtte
Vi føler at det er vår plikt å seie i frå når politikarane sviktar, seier Truls Gulowsen. Men dette kjem til å bli utfordrande. Difor treng vi di hjelp! Skriv under denne globale kampanjen, så vi kan bruke ditt namn saman med tusenvis av andre som bevis i rettsaken på kor mange som ønskjer å verne om Arktis og klimaet vårt: https://www.savethearctic.org/live
Dagens pressekonferanse som gjekk frå kl 10.30 kan ein sjå her:
https://www.facebook.com/greenpeace.international/videos/10154256442098300
Dette støtter jeg av hele mitt hjerte!
Regjeringen legger ut på en kamikazeferd med sin uforsvarlige energipolitikk.
Dette kan ikke vi tillate som vet hvor det bærer hen.
«Wie niet horen wil, moet maar voelen», heter ordtaket på hollandsk. Den som ikke vil høre, skal få kjenne svie.
Så ønsker jeg Greenpeace Norge og Natur og Ungdom tillykke med dagen og lykke til med aksjonen!