Hjelp, vi flyr!

  • EMNER:
  • PUBLISERT:
    fredag 4. mar 2016
  • AV:
    Redaksjonen

brit bildøenI desember small champagnekorkane i Paris. Verda hadde klart å komme fram til ein ny klimaavtale, og daverande klima- og miljøminister Tine Sundtoft hadde ei viktig rolle i forhandlingane. Igjen innkasserte Norge ros for å ta ei leiande rolle i utviklinga mot eit grønt skifte. I dag, tre månader etter, kranglar vi så fillene fyk om ei lita avgift på flysete. Så kva skjedde? Det som alltid skjer når ord skal bli til handling, eller når avtalar blir konkretiserte. Men ein eller annan stad må det svi, skriv forfattaren Brit Bildøen i ein kommentar til debatten som har gått den siste tida. Eller skal vi få eit facebook-opprør for kvart steg vi tek i rett retning?

Gjer for vondt
Faktisk må det svi overalt dersom vi skal klare å oppnå dei reduksjonane i utslepp som vi har avtalt oss fram til. Men det første vesle rispet gjer altså så vondt at ikkje berre blir det folkeopprør på sosiale medium, men også tunge organisasjonar som NHO kastar seg inn med protestar. Dei vil kansellere avgifta, ikkje ein einaste flyavgang.

Den månaden vi nettopp har lagt bak oss var, ifølge NASA, den mest uvanleg varme januar månad sidan ein starta med temperaturmålingar i 1880. Snart er det ikkje ein kjeft igjen som vil protestere på at klimaendringane er menneskeskapte – i alle fall er det ikkje mange som vil setje seg imot at vi må prøve å bremse utviklinga. Men når ei såpass beskjeden avgift vekker så stor motstand, er det vanskeleg å tenke seg at vi faktisk skal klare å tråkke på bremsene. Det same viser reaksjonane mot dieselforbodet i Oslo. Det finst dei som synest det er blodig urettferdig at dei kanskje må parkere bilen nokre dagar i året for å skåne astmatikarar, barn og gamle. Men her har politikarane gjort det dei skal gjere, nemleg handla til beste for fellesskapen. Og som fellesskap klarer vi fint å leve med dei nye reglane, sjølv om nokon blir forbanna. Røykeloven lærte oss mykje: Vi trudde det skulle gjere frykteleg vondt, men det gjorde mest godt.

Skal flytrafikken berre auke?
Nordmenn har jamt over scora høgt på oversikter over kven som flyr mest i Europa. I 2012 var det berre tre øystatar, Malta, Kypros og Island, som låg framfor Norge på statistikken. Sidan har flyreiser innanlands gått svakt ned, mens trafikken ut av landet er i stadig vekst. Frå 2002 til 2013 var det ei dobling i CO2-utsleppa på flyreiser frå Norge til utlandet, ifølge ein rapport frå Miljødirektoratet. Slike tal set opprøret mot flypassasjeravgifta i eit underleg lys.

Når vi protesterer mot avgifta, meiner vi da at flytrafikken berre skal få lov til å auke? Eg trur ikkje det. Uendeleg vekst er like utopisk som full stopp i alt som får temperaturar og havnivå til å stige. Det vil kanskje gi større miljøeffekt å avgiftslegge biltrafikk, eller olje- og gassektoren. Men ramaskrika blir neppe svakare når (ja, eg seier når og ikkje viss) dette skjer.

Grønt skifte kjem til å svi
Utsleppa skal ned, ferdig snakka. Men politikarane må snart våge å seie kva det grøne skiftet vil innebere og korleis det vedtekne lågutsleppssamfunnet skal bli. Statsråd Sylvi Listhaug går ganske langt i å skissere opp eit skremmebilde av Norge dersom styresmaktene ikkje får kontroll med immigrasjonen. Ingen statsråd vågar å komme med eit liknande scenario over korleis landet vårt kjem til å sjå ut om ikkje vi saman med resten av verda får kontroll over CO2-utsleppa. Det må gå an å gjere utan skremming og svartmaling, men det er på høg tid at politikarane skisserer opp kva samfunn vi kan risikere å få – eller med positivt forteikn kan klare å skape – i lys av klimakrisa.

I Paris blei det fastsett nokon mål, det same skjedde i klimaforliket som eit samla Storting gjekk inn for. Men derifrå vil kvart einaste tiltak som blir gjort for å nå dei nødvendige måla få politikarane til å slå krøll på seg. Slik som denne flypassasjeravgifta på 88 kroner per sete.

Livredde som dei er for å miste stemmer, kranglar no partia om kven som eigentleg har skuld i denne avgifta som så mange synest er dum. Venstre seier det er Framstegspartiet si skuld, fordi dei nekta å legge avgift på fossilt drivstoff. Framstegspartiet seier at Venstre får vere så gode å stå for sine eigne forslag.

Og dette er berre starten. Uansett kva ein måtte meine om flypassasjeravgifta, er den berre det første av mange nødvendige kutt. Og alle kutta vil svi. Og alle kutta vil skape facebookopprør. Og alle kutta vil slå ut på meiningsmålingane. Og politikarane vil slå krøll på seg. Men det gjer snart kloden også.

(opprinneleg trykt i Klassekampen 27. februar)

Spre klimavett,
del denne saken!

2 kommentarer

  1. Kristian Frederik Brandt | 05.03.2016

    Tusen takk for en velskrevet artikkel! 🙂 Viktig at noen sier klart ifra at en omstilling, som er helt nødvendig, vil koste. Like viktig at de som er opptatt av de utfordringene klimaendringene stiller oss overfor, i praksis viser det, f.eks. ved å begrense sine flyreiser og sin bilbruk til det strengt nødvendige, i det hele tatt minsker sitt klimaavtrykk betydelig.

  2. Pål Jensen | 06.03.2016

    Flyavgiften:Katta ut av sekken
    Nina Solli, regiondirektør for NHO Oslo, Akershus og Østfold, liker ikke den vedtatte flyavgiften på 88 kr. Men hun er i det minste ærlig: I motsetning til andre avgiftsmotstandere, som påstår at avgiften ikke vil påvirke flytrafikken, innrømmer at den vil avta med anslagsvis 5 %. Og mindre flytrafikk er et nødvendig bidrag til lavutslippssamfunnet.
    Når Ap. og LO-avdelinger i Østfold protesterer mot avgiften, er det særlig påfallende. Denne motstanden er indirekte støtte til Ryanair, hovedaktøren på Rygge. I årevis har Ryanair, med rette, vært kritisert for sosial dumping og nulltoleranse overfor fagforeninger. Ryanair-sjef Michael O’Leary tror han kan utnytte mennesker som slaver, sa f.eks. Henrik Bay-Clausen (lederen for de bakkeansatte på Kastrup) på Nordisk Transportarbeiderkonferanse i Sarpsborg. (Det er den samme O’Leary som påstod at klimaforskningen var svindel.)
    Ifølge Vegard Eian i Parat har ikke Ryanair betalt noen sosiale avgifter, ikke arbeidsgiveravgift, ikke trygd, ikke skatt – og de ansatte har hatt problemer med å få rettigheter som sykelønn, permitteringsstøtte eller dagpenger.
    Ryanair er også kjent for sin tvilsomme markedsføring, bl.a. ved å fly sine passasjerer til andre steder enn en skulle tro. Østfoldinger burde ikke sette særlig pris på at flyplassen på Rygge markedsføres som «Oslo». Iallfall tror jeg ikke Ryanairs passasjerer vil like det om de tror at selskapet faktisk flyr dem til Oslo.
    Siden Ryanair på den måten har klart å dumpe prisene på flybilletter mer enn noen annen, betyr en avgift på 88 kr naturligvis mer for dem enn for andre flyselskaper. Når de kan dumpe en flybillett til Poznan (eller kanskje en eller annen flyplass et eller annet sted utenfor Poznan) til kr 69, vil jo avgiften mer enn fordoble prisen. For andre selskaper, som må ta høyere priser bl.a. fordi de behandler sine ansatte mer anstendig, får avgiften naturligvis mindre betydning.
    Pål Jensen

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*