Ein leikebyttedag er bra både for miljøet og for lommeboka! Det er alltid gøy med noko nytt, og no kan du få nye leikar, utan å knuse sparegrisen.
Barnas leikebyttedag er eit samarbeid mellom Frivilligsentralen, Ålesund bibliotek, Besteforeldrenes klimaaksjon, Hjelpegruppa og Redd Barna.
Ta med deg inntil ti leiker som du har lyst til å bytte vekk. Når du leverer dei, får du bongar som du kan bruke til å betale for dei leikene du vil ta med heim. Dette er leiker som andre barn har levert inn. Leiker kan leverast inn på biblioteket frå onsdag 23. april.