
Torsdag kveld 27. februar gjennomførte BKA og miljørørsla i Trondheim si første markering under Ski-VM. Dei valde sentrum i staden for arenaen i Granåsen. – Det blir for komplisert å prøve å komme i kameravinkelen til NRK under overføringane der oppe, seier Ola Dimmen. – Men i sentrum er det jo fullt av VM-interresserte folk!
Som vanleg hadde BKA funne seg ein plass på Nordre gate, fortelje Ola. – Mange passerte oss på veg til torget der det var VM-konsert og mykje moro. Me song songane våre, ropte slagord og delte ut mange løpesetlar. Me vart også interjuva av ein journalist frå Canada som var nysgjerrig på kven me var.
– Eller ser media dessverre ut til å vere lite interessert i klima og miljø. Det er ski-fest som gjeld, og der er me nok festbrems anten me likar det eller ikkje.
. Men heldigvis har me håp om ein artikkel i Adresseavisa om skiforholda i Trondheim i framtida. Slik det ser ut no, er det dessverre fare for mykje regn og dårlege forhold under VM. Det er allereie lite snø igjen i området rundt løypene.
Dagen før, på onsdag, var det ei tosides annonse i Adressa frå Equinor. Dei skryt som vanleg av innsatsen sin for klima og berekraft. Motstemma er dessverre altfor få. – Men me planlegg fleire aksjonar, og det er som alltid veldig inspirerande å stå saman om det som er viktig. Det gjeld framtida for oss alle, for barn og naturen, men også for norsk vinterkultur, seier Ola Dimmen. Sjå løpesetel som vart delt ut: