
Besteforeldrenes klimaaksjon i Troms hadde opent møte 19. februar der temaet var: Sivil ulydnad – er det eit nødvendig tiltak i kampen for natur og klima? Spørsmålet kjem også opp på BKAs landsmøte i april, og målet med dette møtet var å kaste lys over saka, både ut frå erfaringar og rettslege tilhøve. Kva er lovleg – og ulovleg?
Bakgrunn: BKA har eit vedtak frå 2015: «Sivil ulydighet er ikke en aksjonsform for BKA som organisasjon. Sivil ulydighet fra enkeltmenneskers side er ikke et anliggende for BKA.» På årsmøtet 2025 vil ein diskutere ei muleg oppmjuking av dette standpunktet. Sjå framlegg frå landsstyret: Uttalelse sivil ulydighet BKA
Referat frå møtet i Tromsø
Ved Ingunn Elstad og Grete Mathiesen
Innleiarar var Rebecka Ekeland, kampanjesekretær i Natur og Ungdom, Nord-Norge og Kristin Solberg, jurist frå UiT, no pensjonist og BKA-medlem. Møteleiar var Torstein Arntsen.
Rebecka Ekeland snakka om si erfaring med sivil ulydnad. Ho var med i Fosen-aksjonen utanfor Stortinget og i Olje- og energidepartementet i 2023. Det har gjeve ho både negative og positive erfaringar. Dei negative er den trakasseringa ho opplevde i ettertid. Dei, i hovudsak, positive erfaringane er all den publisiteten Fosen-saka har fått, og som ho ikkje hadde fått utan.
Interessant var det også å høyre om korleis NU-medlemmar blir kursa i sivil ulydnad. Her gjeld fire hovudpunkt: 1. Sivil ulydnad er for å fremme saka, ikkje for å skape merksemd om aksjonsforma. 2. Sivil ulydnad skal vere siste utveg. 3. Aksjonane er fullt ut ikkje-valdelege. 4. Ingen er forplikta til å delta, og ein kan trekke seg når ein vil.
Kristin Solberg innleidde med å gjere greie for dei rettslege utgangspunkt. Ho delte ut papirkopi med stikkord. Dernest såg ho på kva påtalemyndigheitene og domstolane har gjort i saka om Fosen-aksjonistane. (Saka er pr dags dato ikkje avslutta.)
Mange deltok i debatten etterpå med spørsmål, kommentarar og gode innspel. Rebecka vart spurd om det betydde noko at BKA støtta aksjonane, og ho svara ja, absolutt. Kristin avklara at det ikkje er ulovleg å støtte aksjonen, sjølv om det kan vere ulovleg å delta.
Dagen etter møtet reiste Rebecka til Skaidi, der Natur og Ungdom og Naturvernforbundet har protestleir mot elektrifisering av Melkøya 20. til 23. februar. Første del av utbygginga er begynt. Det skal byggast kraftlinje frå Skaidi på Finnmarksvidda til gassanlegget på Melkøya. Gjennom denne linja skal Equinor få rein kraft frå nettet, som kan auke produksjonen og eksporten av fossil gass. Melkøya er altså ei klimasak. Kraftlinja truar reindrifta i store område, og reinbeitedistrikta og Sametinget står i rettssaker mot utbygginga. Det er også ei menneskerettssak. Melkøya-saka gjeld også Finnmarksnaturen, og demokratiet.
Mange er takknemlege for at Natur og Ungdom aksjonerer mot Melkøya-utbygginga og gjer det til ei stor sak for heile Noreg. Kanskje det også blir å krevje sivil ulydnad. Spørsmålet er: Korleis kan Besteforeldreaksjonen bidra?