
Tromsø er som mange andre stader, der bustadområde, industriparkar, hyttefelt og veganlegg et seg utover, og der naturen nesten alltid er den tapande part. Denne bit for bit-raseringa må stansast, meiner BKA. Så no heiar dei på kommuneleiinga som ynskjer å setje foten ned for endå eit nytt naturnedbyggings-prosjekt. Det trengst!

Frå Solneset, eit utforstyrra naturområde i Tromsø – enn så lenge. No står utbyggjarinteressene klare med sine planar også her. Foto: Stein Valkoinen
«Vi set pris på at administrasjonen i denne saka vel naturen og naturmangfaldet framfor andre formål«, skriv BKA i eit innlegg som har stått i avisene i Tromsø. Styremedlem Grete Mathiesen viser til den omstridte Arctic Center-saka, ein av alt for mange dei siste åra, over heile landet, slik ikkje minst NRK har dokumentert så godt og skremmande. – Det er avgjerande at kommunane tek naturutfordringane på større alvor, seier ho.
Denne nye saka dukka opp i avisene no i januar, – planar om eit stort nytt inngrep planlagt på Troms-øya, med bygging av 400 bustader i uforstyrra natur. Mange har protestert og skrive i avisene. – I vårt innlegg hadde vi ikkje nokon bevisst plan om å vere positive. Men slik vart det. For i lys av det vi har sett tidlegare, var det oppløftande å sjå at kommunedirektøren hadde innstilt på å seie nei til utbygginga. Saka ligg no ut på høyring, og vi skal komme med høyringssvar òg.
– Elles vil eg seie at eg har ei viss forståing for at politikarane kan trø feil, med den massive og diffuse retorikken om verdiskaping og arbeidsplasser som følgjer med slike prosjekt. Vår oppgåve i BKA må vere å argumentere sakleg, – omatt og omattatt. Eg trur ikkje det er farbar veg å vere generelt mistruisk til dei folkevalde. Kvifor skal dei høyre på oss då?
Ingunn Elstad og Grete Mathiesen, medl. av Besteforeldrenes klimaaksjon i Troms
For vel to år sidan, i desember 2022, slutta Noreg seg til FNs naturavtale. Første hovudpunkt i avtalen er at 30 prosent av all natur på land skal vernast innan 2030. Andre hovudpunkt er at 30 prosent av all natur som er delvis øydelagd, skal vere restaurert innan 2030.
Bakgrunnen for avtalen var kunnskapen om at øydelegging av natur, og tap av dyre- og plantearter, går raskare enn nokon gong.
Utbygging av Solneset: I denne saka har administrasjonen i kommunen innstilt på avvising av byggjeplanane til Bonord. Besteforeldrenes klimaaksjon i Troms er einige med administrasjonen. Vi støttar opp om byvekstavtalen der det overordna målet er at klimagassutsleppa ikkje skal auke, og at ein effektiv arealbruk må legge til rette for dette.
Vidare er vi einige i at utbygginga av Solneset vil innebere eit stort innhogg i grøntområdet, færre naturtypelokaliteter og færre rødlisteartslokalitetar.
44.000 naturinngrep: Dei siste fem åra har det vore 44.000 naturinngrep i norsk natur. Altså ei bit-for-bit rasering. Kommunepolitikarane som skal ta stilling til kvart enkelt inngrep, blir presentert for gode og aktverdige formål for inngrepa, iallfall tilsynelatande. Og dessverre, i alle dei 44.000 naturinngrepa har desse formåla blitt sett på som viktigare enn å bevare den naturen som dermed blir øydelagt.
Etter møtet i Kommune- og byutviklingsutvalet, KOBY, 28.11.2024, har NRK dokumentert at i dei 100 største av desse naturinngrepa har ikkje saksgangen og kunnskapsgrunnlaget på langt nær vore godt nok til at politikarane har kunna ta ei kvalifisert avgjerd. I etterkant ser fleire politikarar at dei har tatt avgjersler på sviktande kunnskapsgrunnlag. https://www.nrk.no/dokumentar/nrk-funn-om-naturen_-_-kan-vise-brot-pa-grunnlova-1.16711370
Det blir tatt avgjersler som skal tene ei sak på relativ kort sikt, mens dei langsiktige måla, som naturvernet krev, må vike.
I Solneset-saka er formålet med naturinngrepet boligbygging. Eit relevant spørsmål da, meiner vi, må vere kva for langsiktige ønske og mål vi har for boligbygging og natur på Tromsøya. Kor mange folk kan vi forvente eller planlegge for på Tromsøya? Kor mange ønskjer vi å busette på øya?
Det auka behovet for boligar må også sjåast i samanheng med den auka turismen. Samanheng mellom boligmangel for fastbuande på den eine sida, og auken av utleige til turistar på den andre, er velkjent. Bonord planlegg 390 bu-einingar på Solneset. I 2024 var det 3.000 airbnb-einingar i Tromsø, i følgje NRK 15. 02.2024. Sidan er det truleg blitt fleire.
Sett at vi, utan reguleringar, får stadig fleire innbyggjarar og turistar på øya. Skal vi da ta i bruk enda meir urørt natur? Finst det ei grense? Skal naturen vår måtte vike også denne gongen? Skal vi halde fram med bit-for-bit raseringa?
Besteforeldrenes klimaaksjon er en tverrpolitisk organisasjon som set framtida for barn og unge først. Vi krev at Grunnovens § 112 blir tatt på alvor: «Enhver har rett til et miljø som sikrer helsen, og til en natur der produksjonsevne og mangfold bevares. Naturens ressurser skal disponeres ut fra en langsiktig og allsidig betraktning som ivaretar denne rett også for etterslekten.»
Vi set pris på at administrasjonen i kommunen i denne saka vel naturen og naturmangfaldet framfor andre formål. Det gjev oss litt ekstra styrke i kampen for at også Tromsø kommune skal arbeide meir i tråd med den naturavtalen Norge slutta seg til i desember 2022.
Fin kombinasjon av ros og folkeopplysning. Takk til tromsøværingene for deres eksempel til etterfølgelse!