La Melkøya ligge

melkøya
Melkøya utenfor Hammerfest 1. januar 2020. Foto: Lars Bjørn Mehus

Om Melkøya blir elektrifisert, vil det forbetre norsk utsleppsstatistikk, isolert sett. Men dei faktiske utsleppa som skader klima blir ikkje borte. Og den fornybare elektrisiteten må produserast, og trengst til betre ting enn å forlenge oljealderen. I ein breitt anlagt artikkel i Nordnorsk debatt tek BKAs Ingunn Elstad fatt i Melkøya-mytene.

Sjå Ingunn Elstad sin artikkel: Melkøya-planane kan leggast bort.
– Nokre utdrag frå artikkelen:

– Melkøya kan koste mykje, og ikkje berre milliardar. Regjeringspartia tapte storparten av veljarane i nord. Den djupe konflikten med reindrifta og Sametinget har ført inn i to rettsprosessar, og styresmaktene veit at dei risikerer eit nytt menneskerettsbrot.

– Det er skapt kraftkrise. Området har begrensa kapasitet for import av kraft. Alt i 2021 vart 400 MW lokal og regional kraft – mest vasskraft – reservert til Melkøya. I 2023 sendte Statnett ut eit 30-tal avslagsbrev til bedrifter i Finnmark som hadde søkt om straum.

– «Kraftpakken» vil koste naturen dyrt. Finnmarksnaturen blir behandla som eit ledig industriområde. Fem organisasjonar med til saman over ein million medlemmer, har nyleg gitt høyringssvar til NVE. Dei minner om at mykje natur i Finnmark er lite kartlagt.

– Melkøyavedtaket vart lansert av statsministeren som «det største, enkeltstående klimatiltaket besluttet av en norsk regjering». (Men) gassen som ikkje blir brent, går jo til eksport og brenning i utlandet. Utsleppa blir ikkje mindre.

– Arbeidet på høgspentlinja frå Skaidi som skal føre krafta til Melkøya (…) er planlagt gjennom reinbeiteområde, og utøvarane har lenge halde fram at arealpresset er på tolegrensa. Dei fryktar at «Melkøya-linja» kan bety slutten for reindrifta i området.

– Dei næraste åra, då Noreg vil investere i å forlenge fossilproduksjonen, blir også avgjerande for den globale omlegginga til eit nytt energisystem. Subsidiar på fossilt brennstoff må fjernast. Fossile energiressursar må bli liggande i grunnen. Fossil infrastruktur vil kunne bli overflødig. Melkøya-planane kan leggast bort.


Ingunn Elstad er leiar i lokallaget til Besteforeldra i Troms. Bilete frå ein av mange demonstrasjonar i Ishavsbyen.

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*