– Er du i Oslo sentrum kommande veke? Har du lyst å oppleve forfattarar og skodespelarar som slår eit slag i kampen mot den globale oppvarminga og for eit grønt mentalitetsskifte? Då må du passe på å få med deg dei populære formiddagsarrangementa på Det Norske Teatret – i samarbeid med Besteforeldrenes klimaaksjon.
Program Lunsj og lyrikk 4. til 7. februar 2025 Hugs: kl 12.00–12.30 i Bikuben. Kaféen opnar kl. 11.00
Ein samfunnsbevisst kulturinstitusjon
Det ukelange arrangementet såg dagens lys første gongen i 2017, og har heldt det gåande kvart år sidan. Ein av dei som har vore med heile vegen, som organisator, er Finn Bjørnar Lund. Han fortel at initiativet opprinneleg kom frå Birgitte Grimstad. – Miljø- og fredsaktivisten Birgitte er jo ikkje berre visesongar, men òg skodespelar, og det var ho som hadde kontakten med folka i Det Norske Teatret. Og der var det berre positiv reaksjon og vilje til samarbeid, synte det seg. Det er jo ein fabelaktig institusjon, med eit eige samfunnsengasjement heilt frå den gongen det vart etablert for no over hundre år sidan.
– Innhaldet i «Lunsj og lyrikk»-treffa har variert, med folk både frå teatret og kulturlivet elles. Eg har inntrykk av at det er blitt ei populær scene å stå på – med eit lydhøyrt og engasjert publikum. Ofte har vi hatt fullt hus. Det er også eit godt grep at forestillingane berre varar ein halv time, og at ein kan kome og ta seg ein kopp kaffi og eit kakestykke på førehand, seier Finn Bjørnar Lund. – Vi får hugse at klimapolitikk dreier seg om meir enn utslepp og teknologi og avgifter. Eg tykkjer det er viktig å ha kulturen og kreative krefter med på laget!