Planlegg VM-aksjonar

  • EMNER:
  • PUBLISERT:
    mandag 3. feb 2025
  • AV:
    Redaksjonen
Ski VM 2
Besteforeldreaktivist og skientusiast Ola Dimmen på tur heime i Trondheimsmarka. Foto: Anne Grete Torwick

I Trondheim nærmar det seg VM på ski, og blir høve for BKA til å fremje bodskapen sin, som under NM i Hamar nyleg. Ola Dimmen fortel at dei er i dialog med arrangørane og vil ha markeringar både oppe i Granåsen og nede i byen. – Vi ønskjer skisporten alt godt. Samstundes vil vi setje søkjelys på problema og framtida for sporten.

Ola fortel at BKA har fleire planar for dei to vekene under VM. – Vi har mellom anna tenkt å stå ute i marka og vinternaturen, med besteforeldre, vaksne og barn. Vi ynskjer å formidle ein positiv naturbodskap og framheve dei utruleg viktige spørsmåla som har med klima og framtida å gjere. Målet er å få dette til på ein måte som folk i Trondheim set pris på.
– Vi har jo merka oss at VM-leiinga sjølv seier dette skal bli eit berekraftig arrangement. Det kan du seie er ein slags illusjon, så stort ressursforbruk som vi her snakkar om. Men vi tek det i beste meining, og eg tenkjer at vi får vel også vere varsame med å hengje alt elendet i verda på ein skimeisterskap. Vi lever trass alt i eit land som kvart år har brukt sin del av verdas fornybare ressursar før midten av april, så vi sit i glashus nesten alle.
– Men kva med oljesponsinga av VM? Kva seier BKA til at Equinor er så tungt inn i biletet og slik skaffar seg goodwill?
– Det er og blir eit problem, sjølvsagt, og vi tek tydeleg avstand frå denne slags sportsvasking. Rett nok er det siste året Equinor sponsar ski og fotball, seier dei, men dei skal jo halde fram med oljepropaganda gjennom sponsing av kultur og forsking. Så dette kjem til å vere eit tema under våre aksjonar i byen, det er klårt.
– Vi har sett at gruppa «Folk mot fossilmakta» trugar med å forstyrre femmila, om Ski-VM ikkje fjernar reklamen for Equinor?
– Vi i Besteforeldreaksjonen støttar ikkje dette. Vi deler fortvilinga over klima- og naturkrisa, men ønsker å sjå ein folkeopinion for reduserte klimagassutslepp og naturbevaring. Vi er redd slike aksjonar kan skape negative haldningar til miljørørsla – og kanskje heller gje sympati for dei som ønskjer å halde fram med olje og gass til evig tid.

BKA i Trondheim sitt fokus under VM blir todelt, seier Ola Dimmen. – På den eine sida ønskjer vi å støtte VM som satsar på å lagde eit mest mogleg berekraftig arrangement. Vi ønskjer å framheve dei gode verdiane som ligg i vinteridrett og skikulturen. På den andre sida må vi protestere mot at idrett og kultur blir reklameplakat for oljesatsing som øydelegg klima og natur og dermed vinteridretten sjølv.


Foto: Anne Grete Torwick

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*