Bestemødre mot fly-feiring

tromsø fly 1

I dag 3. september var det opning av ny flyterminal i Tromsø, med stor feiring og samferdselsminister Nygård til stades. Flytrafikken til og frå Tromsø aukar dramatisk, og det er forslag om utviding av flyplassen. Det ingen av dei feirande nemnde, var at dette har konsekvensar for klima. – Heilt til ei gruppe BKA-aktivistar uventa dukka opp!

Noreg har dei tredje største klimautsleppa frå flytrafikk per person i verda, fortel Ingunn Elstad, som er leiar av BKA Troms. – Og Tromsø–Oslo er faktisk strekninga i landet med størst utslepp av klimagassar frå fly. Det er både fordi vi ikkje har tog, fordi turismen veks så voldsomt – og fordi mange av oss har eit overforbruk av flyreiser vi må tenke over.
– Dagens aksjon mot endå meir klimaskadeleg flytrafikk, og for bygging av Nord-Norgebanen, var ei spontan markering fra vår side. Men vi vart tatt vennleg imot då vi kom med plakatane våre, og samferdselsministeren høyrde på det vi hadde å seie. Når det galdt jernbanesaka, sa han at konsekvensutredninga ikkje nødvendigvis var så viktig, og bekrefta at ingen beslutningar er fatta. Nygård sa vidare sa at turismen var ikkje hans departement, og at klimautsleppa frå flytrafikken ville bli borte med nye flytypar med biodrivstoff og elektrisitet om ca. ti år. Vi fekk kanskje inntrykk av at han sjølv ikkje var så overbevist …

Dette var ein vellykka aksjon. Vi fekk fram våre saker og synspunkt, slik ein kan sjå også i reportasjen på Nordnytt i kveld: Distriktsnyheter


Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*