Sametinget går til sak over vedtaket om å elektrifisere Melkøya, mot regjeringa som ser på det som eit sers viktig klimatiltak. – Men dette stemmer ikkje, skriv Ingunn Elstad i Nordnorsk debatt. Gassen blir brent i utlandet, og utsleppa går ut i vår felles atmosfære. Når gasseksporten aukar, aukar dei globale klimautsleppa.
Av Ingunn Elstad, leiar Besteforeldrenes klimaaksjon i Troms
Det er snart eit år sidan regjeringa kunngjorde elektrifisering av Melkøya med «Kraft- og industriløft Finnmark». Nordområda skal inn i investorane og spekulantane sin tidsalder. Fri natur skal byggast ned, fort og varig. Dei naturbaserte næringane skal vike. Det store fleirtalet av befolkninga i Finnmark er mot. Sametingspresidenten seier at det er ei av dei største inngrepssakene i historia til Sápmi.
Dei siste tolv månadane har temperaturane i verda i snitt vore 1,5 grad over det førindustrielle nivået, med varmebølger, katastrofestormar og varmare hav. Noreg er med på det. Vi er ein av dei ti største eksportørane av klimautslepp i verda. Klimautsleppa frå norsk olje- og gasseksport er ti gongar større enn alle utslepp innanlands (Menon Economics (98/2022). I nordområda rir Staten to hestar, både fossile brennstoff og vindkraft. Målet er verdiskaping, det vil seie forteneste.
Det heiter i regjeringsvedtaket 8. august i fjor at Melkøya-utbygginga utløyser «det største, enkeltstående klimatiltaket besluttet av en norsk regjering«.
Det stemmer ikkje. Utbygginga vil auke og forlenge utvinninga og klimautsleppa, og det er regjeringa klar over. Energidepartementet gjorde det klart i eit hyggeleg brev til Equinor same dag: «Prosjektet ventes å forlenge levetiden til Hammerfest LNG til 2040. Økt forventet produksjon i perioden 2028-2043 som en følge av prosjektet er beregnet til 55,1 mrd. Sm3 salgsgass …» (Energidepartementet til Equinor 08.08.2023.)
Målet med utbygginga er å auke produksjonen av fossilgass. Prosjektet har fått det romantiske namnet «Snøhvit Future», og omfattar elektrifisering og installering av ny, kraftkrevjande teknologi, for å presse ut meir gass frå reservoara over fleire år. Norsk politikk går ut på å få opp den siste oljen og gassen – og få inn dei siste fossilmilliardane – før marknadane kollapsar. Gassen er ikkje klimavennleg. Når han blir brent i utlandet, går utsleppa ut i den felles atmosfæren. Når norsk gasseksport aukar, aukar dei globale klimautsleppa. (Rystad Energy 15/02/2023)
Norsk klimarekneskap omfattar berre utslepp innanfor grensene. Når turbinane som brenner gass på sokkelen blir erstatta av straum frå land, ser det ut som utsleppa går ned, men gassen som blir til overs, går til eksport. Utsleppa blir flytta til utlandet. Det gjeld også Melkøya- prosjektet. Energidepartementet skreiv uttrykkeleg til Equinor: «… I tillegg vil omleggingen av kraftforsyningen til drift med kraft fra nettet frigjøre om lag 5,8 mrd. Sm3 gass som kan selges i markedet.»
Ved å fase ut olje- og gassproduksjonen – med gassanlegget på Melkøya – på ein planmessig og rettferdig måte, kan Noreg vere med å bremse klimakrisa. Vi treng verkeleg å diskutere framtida til fossilstaten.
Regjeringa spelar høgt i Melkøya-saka. Trass i all kritikken i nord, har innvendingane ikkje nådd hovudstaden. Velvillige menneske trur på statsministeren når han framstiller Melkøya-prosjektet som eit stort klimatiltak. Dei demokratiske prosessane er sett på pause. Melkøya-vedtaket er ikkje behandla i Stortinget, og Sametinget har ikkje fått konsultasjon. Hovudstadsavisene styrar utanom Melkøya, og slepp knapt til lesarbrev om den norske satsinga på olje og gass i nord.
Derimot går Sametingsrådet til søksmål mot staten. Melkøya-vedtaket og «Kraft- og industriløftet» kan bli ei offentleg sak for heile nasjonen.
Denne regjeringa holder på med symbolpolitikk når det gjelder utslipp av klimagasser.Den går med hud og hår inn for meningsløs nedbygging av natur ifm. elektrifisering av Melkøya for samtidig å sende oppspart gass til utlandet.
Om prosjekt som «Snøhvit Future» blir til «Reinsdyr Goodbye» , ser heller ikke ut til å bety så mye.
Regjeringa blir mer og mer avhengig av å olje- og gassdope økonomien.Det skal som kjent brukes store summer på våpenopprustning framover.Det aller siste er beskjedne 1 milliard kroner på granater.Så det blir helt uaktuellt å redusere produksjonen av olje og gass.Her er det full fres til markedet stuper eller at naturen går løpsk.Regjeringen vil nok fortsette å late som om det er mulig å produsere grønn olje og gass,og dessuten påstå at flere våpen til krig er veien til fred.
Resonnementet ville ha gitt mening hvis alternativet til Norsk gass ville ha vært at verdens gassforbruk minket med en mengde tilsvarende Norges produksjon.
Det er desverre ikke tilfelle.
All produksjon er respons på en etterspørsel. Kuttene må taes på forbruk, både hos oss og i utlandet. Å kutte ensidig i produksjon er bare symbolpolitikk som overfører etterspørselen til andre land, med mindre man er i en monopolsituasjon. Derfor må produksjonen foregå så klimavennlig som mulig.
«Gassen skal jo brennes allikevel»-argumentet ble lenge brukt av oljeindustrien for å forsvare de ineffektive gassturbinkraftverkene. Det er ingen grunn til at miljøbevegelsen skal overta denne feilslutningen.
Takk for kommentaren! Miljøbevegelsen har alltid gått mot auka leiting og produksjon av olje og gass. Poenget med innlegget er at Melkøya-utbygginga betyr auka produksjon. Det er ikkje sikkert at gassen vil erstatte andre energikjelder. Etterspurnaden er ikkje uavhengig av produksjonen. Meir gass frå Barentshavet kan bidra til lågare gassprisar, og rimeleg gass på marknaden kan erstatte både kol og rein energi, og kan ikkje minst bidra til at det samla forbruket og utsleppa aukar. Svært mange faktorar spelar inn, og utrekningane varierer. Vista analyse: Norsk olje, globale utslipp. Rapport 2023/4, konkluderer med at meir norsk gassproduksjon vil kunne auke dei globale utsleppa med 23,4 prosent av produksjonsendringa. FN går inn for utfasing både av produksjon og forbruk.
Auka produksjon utvidar oljeøkonomien, der det statlege selskapet Equinor fungerer som kolonimakt, festar grepet om hav- og landområde og tilgangen til kraft, og reiser stadig meir infrastruktur. Investeringane blir subsidiert av Staten, og fossil produksjon og forbruk blir oppskrytt og ufarleggjort. Sidan forråda går mot slutten, satsar Noreg på nye utbyggingar for å dempe fallet i produksjonen. Politikken og produksjonen er to sider av same sak.
Det er besnærende å observere hvordan myter bygges ved å gjenta påstander som denne fra Egil Hop: «All produksjon er respons på en etterspørsel».
Ingunn Elstad svarer godt på dette.
Men det er ikke greit når våre politikere tar slike hypoteser eller myter for fakta uten kritisk refleksjon og spør seg: Er påstanden riktig?
En annen sak er at påstanden egner seg godt til å tjene visse politiske interesser.