Stor jubel for Trøndersk natur- og klimaallianse i borgartoget, melder Ola Dimmen frå Trondheim! – BKA gjekk saman med Naturvernforbundet og Natur og Ungdom, og det er tydeleg at folk set pris på vårt engasjement for framtida til barna. – Nesten rørande å sjå begeistringa vi vekte både blant bunadskledd ungdom og dei vaksne!
Ola Dimmen kan fortelje om veldig godt oppmøte av folk langs toget, trass i vind og skiftande bygever. Der skal kugle til en trønder, som vi veit! – Natur- og klimaalliansen hadde sin debut i 1. mai-toget, også då med god oppslutnad, og består av Naturvernforbundet, Besteforeldrenes klimaaksjon, Framtiden i våre hender, Natur og Ungdom, Greenpeace, Scientist Rebellion og Legenes klimaaksjon. – Det ser ut til at vi har greidd å få fram ein ny optimisme og tru på at det nyttar, både hos oss sjølve og hos mange andre i byen, seier Ola.