
Geotermisk energi har til no spela ei beskjeden rolle for norsk energiforsyning. Men dette både kan og bør vi snart gjere noko med, meiner fysikklærar Arild Noven. Då kan dei store inngrepa som følgjer med utbygging av vindkraft og mykje anna fornybar kraft, erstattast av lite konfliktfylte og meir robuste energitiltak, til glede for alle.
Geotermisk energi er utan CO2-utslepp. Til forskjell frå energi frå vind og sol, der produksjonen varierer og går opp og ned med værforholda, er den energien vi hentar fra berggrunnen dessutan ei stabil kjelde, som kan operere på full kapasitet dag og natt, året rundt. Og den kan gje oss både varme og elektrisitet, forklarar Arild Noven. – Grunnvarme eller bergvarme vert henta opp frå nokre hundre meters djup, og varmevekslar i kombinasjon med varmepumpe sørgjer for både varmt tappevatn og oppvarming gjennom golv- eller radiatorvarme. Djup geotermisk energi produserer elektrisk straum i tillegg til varme, og her vert varmen henta fleire tusen meter ned i berggrunnen.
Arild Noven er lektor i matematikk, fysikk, naturfag og norsk, og vi møter han på Åsane vidaregåande skule i Bergen. Det store flotte skuleanlegget sto ferdig for fem år sidan, og vert oppvarma ved overskotsenergi frå bergvarmeanlegget ved eit stort kjøpesenter i nærleiken. Den slags løysingar har vi fleire stader i landet, fortel Arild Noven. Men i sum vert det smått og mykje mindre enn i Sverige, som produserar 30 gonger så mykje. Årsaka er blant anna at vi lenge har hatt rikelig tilgong på billig og rein vasskraft.
– Slik er det ikkje lenger. Med aukande energikostnader, samstundes som vi treng mykje ny elektrisitet for å kunne fase ut all bruk av fossil energi, må vi tenkje nytt. Vindkraft på land er for arealkrevjande og for kontroversielt, havvind vert for dyrt og komplisert, og solkraft har lite å bidra med i eit vinterland som Noreg.
– Og det er jo difor mange no peiker på moderne kjernekraft som den beste løysinga. Her har det skjedd ein heil liten haldningsrevolusjon i gamlelandet, – 60 kommunar står klare til å ta imot kjernekraftverk. Kvifor vel du ikkje dette i staden for?
– Av fleire grunnar, men først og fremst fordi det vert for dyrt og tek for lang tid å byggje. Vi treng ny kraft dei næraste 10-15 åra, det kan ikkje kjernekrafta gje oss. Dessutan er det framleis utryggleik knytt til produksjon og avfallshandtering. Kjernekraftverk er også angrepsmål nummer ein i ein krigssituasjon. Desse ulempene gjeld òg dei nye modulære reaktorane (SMR) som mange har så store – og etter mitt syn urealistiske – forventningar til. Fordelen med kjernekraft er at det tek liten plass og ikke er så øydeleggjande for natur og landskap som vind- og vasskraft. Men det same gjeld geotermisk energi, som kan realiserast mykje fortare og enklare – om vi er villige til å satse på det.
Arild Noven seier at bergvarme har eit svært stort uutnytta potensial. – Over halvparten av all elektrisitet vert i Noreg brukt til oppvarming, og ved å erstatte ein del av dette vil mykje straum kunne frigjerast til andre formål. Forskarar har rekna ut at det kan dreie seg om 20 terrawattimar per år på kort sikt, og 40-50 TWh fram til 2050. Og då er vi jo langt på veg i mål med det som vert rekna som Noregs energibehov – utan store, skjemmande og konfliktskapande inngrep. Og vi kan setje i gong i morgon.
– Då snakkar vi framleis berre om grunn geotermisk energi eller bergvarme, med boring av hol ned til nokre hundre meter. Men så seier du at det òg er mogleg å produsere elektrisk straum på dette viset, ved å hente opp energien frå store djup?
– Det er rett. Det er mogleg å byggje effektive geotermiske kraftverk om vi går ned på 4-5000 meters djup – slik vi har stor ekspertise på her til lands. Problemet er at det i slike brønnar er lett å kome i kontakt med sterkt kontaminerte og etsande vassforekomstar, med ein temperatur på mellom fem og seks hundre grader. Faren er då stor for skader på varmepumper og varmevekslarar, og det heile vert vanskeleg å handtere, viser det seg. Men her skjer det no mykje reint teknologisk, og ein er i gang med lovande forsøk med nye måtar å ta opp energien på som unngår slike problem. Vi kjem truleg til å sjå forsøk med det i Noreg i løpet av få år, og eg meiner avgjord at det er noko vi bør satse på, og som vi har dei beste forutsetningar for.
Når vi høyrer på Arild Noven er det lett å bli fasinert – av moglegheitene som i dag ikkje vert utnytta, men som faktisk kan vere løysing nummer éin for å skaffe oss den elektriske straumen vi treng for å gjere Noreg til eit tilnærma nullutsleppssamfunn i 2050. Kva er det vi ventar på! – Eller er det noko vi ikkje har teke med i berekningane, som gjer at nissen følgjer med på lasset, og vi har nye miljøkonfliktar i vente? – Nei, hevdar han, geotermiske energianlegg vil ikkje på noko vis representere eit ressurs- eller eit avfallsproblem. Det krev ikkje store anlegg i form av vegar eller anna infrastruktur, og det kan tilpassast lokale behov, og er utan noko slags sikkerheitsrisiko. – Eg veit ikkje nokon form for energiproduksjon som har lågare miljøavtrykk enn geotermisk energi. Problemet er at i Noreg har vindkraftbransjen klart å slå kloa i nesten alt som er av støtteordningar for fornybar energi. Så her er det ein jobb å gjere, det er klårt. Vi må rett og slett få norske politikarar til å reorientere både seg sjølve og pengestraumane!