
Med litt over to veker igjen til VM-start, lanserar miljøorganisasjonar sin eigen VM-song-video: «Ja til vinter og ski – nei til global oppvarming» er bodskapen frå barn og vaksne i Trondheimsmarka. Shanty-songskrivar og lokal pådrivar Ola Dimmen er særleg glad for at Miljøagentene og Natur og Ungdom er med på laget, seier han.
– For det fyrste er dei veldig flinke til å synge! Det også modig gjort å stille opp slik, og vi støttar jo kvarandre når vi har same mål. Vi prøver å få folk i Trondheim til å sjå lengre enn til berre skiopplevingar, rekordar og fest og moro. Ski-VM kjem til å setje byen på ende, og det er sjølvsagt lov å ha det gøy. Men det er òg lov å tenkje og vere med å krevje at vi får ansvarlege politikkendringar som gjer at vi kan ha det like gøy om ti, tjue eller femti år. Det er på langt nær sikkert, slik vi har stelt oss til no, med ein oljeøkonomi som gamblar med klimautviklinga.
Ola fortel at dei har tenkt å sende videoen til VM-leiinga. – Så kan vi vone at dei fattar intreresse og kanskje viser den i ein eller annan samanhang?
No syng vi for vinter med is og med snø. |
Denne jorda er framtida vår. |
Herlig initiativ som varmer et bestefars hjerte! Skulle så gjerne deltatt selv, men Trondhjem er i overkant litt langt borte fra en pensjonsøkonomi. Håper ALLE som kan vil delta, alle monner drar!
Veldig bra initiativ, Ola! Mange timers jobb med samling av folk for lydinnspilling inne og ute, videoopptak utendørs og klipping og redigering. Beundringsverdig stor innsats, og godt resultat! Og utrolig bra at så mange unge stilte opp og ble med. Vi får håpe dette slipper gjennom på en eller annen «kanal»!