Var det klimaministeren eller var det oljeministeren som var på besøk? – Det lurte BKAs Ola Dimmen på då Litteraturhuset i Trondheim arrangerte møte med Tore O. Sandvik, som for tida er innbyttar for Andreas Bjelland Eriksen. – Men kanskje må vi i miljørørsla også skjerpa oss i møte med regjeringas oljesmurte argumentasjon?
Møtereferat ved Ola Dimmen
Som ein del av Litteraturhuset sin serie med intervju og samtaler med politikarar og andre, hadde turen kommen til klima- og miljøminister Tore O. Sandvik. Programkoordinator Jo Skårderud hadde på førehand bede om spørsmål frå miljørørsla som han vidaresende til Sandvik. BKA (sjå liste med spørsmål) var spesielt oppteken av fornybar energiproduksjon som ikkje øydelegg natur, medan Framtiden i våre hender ønskte å vita kva regjeringa vil gjera med forbruk og importert forureining og plastbruk. Miljøagentene undra seg over at Noreg prioriterer olje i dagens veldig alvorlege klimasituasjon, og Naturvernforbundet viste til manglande naturpolitikk og innsats for naturbevaring.
Sandvik var godt førebudd og fortalde både om erfaringane sine frå klimatoppmøtet og naturtoppmøtet. Men det som likevel var slåande og leggja merke til er at han på vegne av regjeringa ikkje har noko problem med å hevda at alle klimamåla vil bli nådd. Me skal klara å halda fast på 1,5 gradersmålet, sjølv om global oppvarming går litt opp før det går ned igjen. Alarmerande beskjedar frå FN, og frå leiande klimaforskarar, gjer tydelegvis ikkje særleg inntrykk på regjeringa. Ellers var gjennomgangsmelodien at regjeringa er i full gang med ein verksam politikk på alle område, trass tydeleg informasjon frå miljørørsla om kor mykje som manglar.
Sandvik heldt fram argumentasjonen om kor viktig olje er for Europa i dagens situasjon, og meiner tydelegvis at dette er eit godt argument for vidare oljesatsing. Han sa faktisk at EU kjem til å bruka olje og gass også etter at det er tomt i norske oljefelt. Ein så høg framtidig fossil energibruk vil jo sprengja alle klimamål, men dette ser heller ikkje ut til å bekymra regjeringa.
BKA har jobba mykje med og synleggjera fornybar energiproduksjon som ikkje øydelegg natur, men Sandvik meinte det var nok å visa til arbeidet som Enova gjer. Då er alt i trygge hender, og regjeringa har auka budsjettrammene vesentleg. At Noreg framleis investerer 27 kroner på olje for kvar krone me bruker på fornybart, var lite interessant. Arbeidarpartiet har lite lyst til ein prioriteringsdebatt av dette slaget.
Dessverre kom debatten òg fort inn på spørsmål om kvotar og den norske «målsalaten». Noreg har mange ulike klimamål, både saman med FN og EU, og i tillegg eigne omstillingsmål og tidsfristar. Dette er svært vanskeleg å halda styr på, sjølv for garva journalistar. Her må miljørørsla skjerpa seg og minna om Hurdalsplattformen der regjeringa faktisk seier at me skal ta utsleppskutta på heimebane.
Alt i alt er det likevel positivt at klima- og miljøministeren stiller opp for å diskutera politikk, og me i miljørørsla kan jo ta det som ei øving i den debatten som me må reisa fram mot valet. Det er spesielt flott at Litteraturhuset i Trondheim og Jo Skårderud ønskjer vidare samarbeid med oss, og her må me skjerpa oss og bli med å setja dagsorden. Me må tydelegvis førebu oss enno betre på å møta ein type virkelighetsfjern optimisme, godt understøtta av teknologisk og ideologisk skreddarsydde argument.
Det var interessant å lesa møtereferatet frå Litteraturhuset i Trondheim.Slike møte der statsrådar stiller opp for å diskutera viktige saker,er noko som må prioriterast av miljørørsla og andre organisasjonar.På det viset kan ein få større klårleik i kva regjeringa vil og ikkje vil.
Hovudbodskapen frå regjeringshald er:Det går rette vegen. Klimamåla ligg faste.Alt ordnar seg til slutt sjølv om olje- og gassproduksjonen går vidare for fullt. Klimakvotar får Noreg ut av forureiningsklypa.
Det føreligg heller ikkje høgare satsing på fornybar enegi.
No veit me det.Korleis skal BKA og miljørørsla møta denne utfordringa?