Ut mot naturinngrep

Besteforeldrenes+klimaaksjon+31.10.24
Torsdag 31. oktober: Besteforeldra i Tromsø protesterar framføre rådhuset mot planane for eit Arctic Centre på Kvaløya.

I Tromsø er det planar om eit naturinngrep over 8.000 mål myr, skog og fjell. Her skal det bli skisportanlegg, slik investorane har drøymt om sidan 1980-talet. Ein av dei er byens ordførar. – Men det skjer ikkje utan kamp, lover BKA, NU og andre miljøinteresser. Inngrepet er så voldsomt at det bør bli ei nasjonal sak, meiner Ingunn Elstad.

Illustrasjon frå heimesida til prosjektet. Hyttebyen er framleis med, sjølv om denne eigentleg skulle vore teke ut etter vedtak i kommunestyret 2020.

Frå friuftsliv til turistindustri
Av Ingunn Elstad, leiar BKA Troms

Det planlagde skituristanlegget Arctic Center på Kvaløya vil omfatte Håkøybotn, Rávdnjemuotki (Finnheia) og fjellet Lille Blåmann. Vi i Besteforeldrenes klimaaksjon var med då striden toppa seg i 2020, og vi er med i dag.

Området har alltid vore eit kjært friluftsområde, trygt og  lett tilgjengeleg for familiar med småbarn, og populært for toppturar. Alpinklubben i Tromsø har sagt frå at det ikkje er behov for anlegget, dei har ikkje hatt kontakt med Arctic Center på 25 år, og Tromsø har sitt alpinanlegg som Norges skiforbund prioriterer.

Planane vart først lagt på 1980-talet, før det var snakk om menneskeskapte klimautslepp, og lenge før verdien av myra vart kjent. Sidan har prosjektet gått gjennom systemet med del-behandlingar, dispensasjonar og reguleringsplanar, trass i alle protestar og innvendingar. Kommune- og byutviklingsutvalget behandla 31.10 to klagar på rammetillatinga og fire dispensasjonar for ein del av anlegget. Reindrifta og ein grunneigar hadde klaga. Natur og Ungdom og Besteforeldrenes klimaaksjon var tilhøyrarar.

Reindrifta viste til at store, samanhengande beite- og kalvingsområder blir gjort til turistdestinasjon, og lovbeskytta trekk- og flyttleier vil bli stengt, med store konsekvensar for reindrifta på hele øya. Hensynet til reindrifta er ikkje avklara i planane.  Sametinget meiner at utbygging av Arctic Center kan gjere det umuleg å fortsette med heilårig reindrift i området.

Kommunedirektøren kommenterte at det ville bli laga ein forvaltningsplan for reindrifta. Ein venta ikkje at planen kan vege opp for alle ulempene for reindrifta, og administrasjonen var kjent med at det ikkje finst lokale avbøtande tiltak. Men sidan Arctic Center er godkjent gjennom tre reguleringsplanar, som er behandla av statsforvaltaren og departementet, er det politisk bestemt at anlegget skal etablerast slik det er planlagt.

Er det verkeleg så enkelt? Store inngrep, som ikkje er opplyst i planane så langt, vil krevje nye sett med dispensasjonar. Ein må planere ei heil fjellside. Anleggsvegar må byggast. Massar må dumpast, det blir avrenning i elv inn i verna naturområde, etter kvart med kjemikaliar frå preparering.

Grunneigar og sauebonde Sylvi Viken Johansen har levert klage fordi rammetillatinga ikkje seier noko om omfanget av terrenginngrep, og ein ikkje har tilstrekkeleg kunnskap eller oversikt over samla omfang og konsekvensar. Ho viser til at saka er gamal, omfattande og alvorleg, og i dag har vi ny kunnskap om konsekvensane av naturøydeleggingar. Det trengst ei ny konsekvensutgreiing ut frå dagens krav.

Enn klimaet? I planforslaget reknar ein med eit klimagassutslepp som tilsvarar 35 000 CO2e, berre frå områda som er klassifisert som myr. Det svarar til nesten 15 prosent av klimagassutsleppa i heile kommunen. Kor blir det av klimamåla våre?

Tromsø Natur og Ungdom har lagt ned ein kjempeinnsats for å stanse Arctic Center og bevare Rávdnjemuotki. Dei hadde søkt om å få ha ein kort appell til møtet i Kommunal- og byutviklingsutvalget, i samsvar med reglementet. Fleirtalet i utvalget vedtok at Natur og Ungdom ikkje fekk seie noko.

Saka går nå til Statsforvaltaren. Ho er ikkje over. Vi vil gjerne sitere ein underskriftskampanje frå Tromsø Klima- og naturallianse: «Vi ønsker at barna skal vokse opp i en by som verdsetter og beskytter sin naturlige arv, ikke en by som selger ut sine  mest verdifulle ressurser for kortsiktig gevinst.»


SJÅ OGSÅ innlegg Nordnorsk debatt 3. nov. ved Synnøve des Bouvrie: Hvor uvitende kan kommunepolitikere tillate seg å være?

Spre klimavett,
del denne saken!

2 kommentarer

  1. Jarle Sylta | 05.11.2024

    Enda et prosjekt som slår beina under klimamåla. Det legges opp til masseturisme og store naturinngrep i et kjært friluftsområde. Hyttebyer og fjerning av beite- og kalvingsområder for rein, opparbeiding av skiløyper med mer for enhver smak. Turister skal flyges inn og ut året rundt eller ønskes velkommen med cruiseskip. Med andre ord: Artic Centre skal bli en eksotisk turistmaskin. Det gjelder å komme fort i gang med et nytt artig senter før klimaendringene fjerner snøen i den flotte naturen rundt Tromsø by.

  2. Pingback: Et gufs fra fortida - besteforeldre for en ansvarlig klimapolitikkbesteforeldre for en ansvarlig klimapolitikk

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*