På fredag 15. november var Trøndersk natur- og klimaallianse samla til ei flott markering på torget i Trondheim. Dei 15 organisasjonane i alliansen står saman om felles krav til forhandlarane på toppmøtet i Aserbajdsjan. Vi har fått nok av uforpliktande mål og talemåtar. – Det verda no treng er reell klimarettferd, for barna og framtida.
Av Ola Dimmen, Besteforeldrenes klimaaksjon
Det er både imponerande og motiverande når dyktige ungdomar frå Natur og Ungdom og Barnas klimapanel held gode appellar, men dei er også svært skuffa over manglande klimahandling. Anna Halten Horn frå Miljøagentene sa for eksempel at ho helst skulle konsentrert seg om skule og levd eit vanleg ungdomsliv, i staden for å måtte kjempe for si eiga framtid. Ho skal reise til Baku og vi får vona at borna får mykje merksemd der!
For BKA heldt Barbro Lindeberg appell, og rangleorkesteret vårt fekk med seg alle i allsangen: «Gjørra nå med det» runga over torget!
Skodespelar Marianne Meløy stilte som alltid opp og leia torgmøtet med humor og brodd. Etter møte og marsj gjennom byen samlast vi på Stammen kafe i Kongensgata. Der har blitt ein fast tradisjon, og det er jo flott å kunne møtast på tvers av organisasjonane og inspirere kvarandre til fortsatt kamp for natur og klima.
Ja, heilt klart! Det er radikale grepp som må takast! Her kjem også arbeidet for å dempe krigsretorikken og trua på at berre vi få fleir og meir effektive våpensystemer so blir vi tryggere. Meinar det kan vere tvertemot; det trigger berre motparten til ytterlegare eskalering. Avspenning istaden for avskrekking er det ein burde satse, på da krig og millitarisering er det verst tenkbare for både miljø og klima!