Aldri meir Hiroshima

Hiroshima 5
Mange var samla til markering rundt fredsmonumentet på Youngstorget i dag. Foto: Ivan Chetwynd

Det er 79 år sidan atombombene vart slepte over Hiroshima og Nagasaki, la byane i ruiner og drap 230 000 menneske. BKA var medarrangør då den internasjonale Hiroshimadagen vart markert i Oslo i dag. – Vi må aldri gløyme kva som står på spel når vi igjen opplever eit mindre trygt Europa, sa Torunn Hovde Kaasa i sin appell.

Torunn Hovde Kaasa er medlem av landsstyret i Besteforeldrenes klimaaksjon, og djupt engasjert også i fredssaka.

Vi lever i ei tid der vi har klimakrise, ei global oppvarming ute av kontroll, eit resultatet av liten vilje til å handle raskt. Eg siterer Ban Ki-moon, som var FNs generalsekretær 2007 til 2016, og som sa: «Miljøet har lenge vore eit stille offer for krig og væpna konflikt. Fra forurensning av land og avskoging til plyndring av naturressurser og kollaps i økosystemer, er miljøkonsekvensene av krig ofte omfattende og ødeleggende.»

Samtidig opplever vi ei militær opprustning, der det er auka fare for bruk av atomvåpen og overilte handlingar, som kan truge verdsfreden. Ein avgrensa atomkrig, der mindre enn 1% av atomvåpna i verden blir bruka, kan drepe fleire titalls millionar menneske og skade like mange.

Det er djupt umoralsk at eit fleirtal av norske politikarar ikke vil underskrive FNs traktat mot atomvåpen. Det burde vore sjølvsagt.

I dag støttar Norge, gjennom Nato, utan atterhald bruk av atomvåpen, inklusive førstebruk, som del av tanken om truverdig avskrekking.

Det er eit stort paradoks at Nato som skal ivareta 29 nasjonars sikkerhet, trugar tryggleiken i verda gjennom farleg utanrikspolitikk og voldsomme klimautslepp.

Antonio Guterres FN’s nåverande generalsekretær omtaler siste klimarapporten som Kode rød. Det sett vår eigen regjering i eit dårleg ljos, som ei regjering som ein bremsekloss for ei tryggare verd for etterkomarane våre. Det er på høg tid at klimatiltak blir prioritert på lik linje med opprustning – ein fredsbevarande innsats der klimatiltaka rammar hardast.

Vi markerer i dag Hiroshimadagen for å minnast ofra og dei overlevande og for å minne oss alle på: Aldri meir Hiroshima! Aldri meir Nagasaki! Vi vil ha fred.

Undersøkelsar viser at folk i Norge støttar atomvåpenforbodet. Vi treng ein større debatt om korleis vi kan trygge freden, ikkje gjennom opprustning, men gjennom avspenning og gjensidig samarbeid om nedrustningsavtaler, slik at barna og barnebarna våre får oppleve ei framtid der vi tar vare på kloden vår og kan leve i fred og fridom. Det ansvaret er vårt!

Litt fra de andre appellene:
Julia Eikeland fra AUF: Vi lærer ikke av historien. Vi må være kompromissløse når det gjelder atomvåpeb!
Hans Jokob Thompsen fra Unge Venstre: Vi skylder framtidige generasjoner å arbeide for nedrustning.
Jon Olav Andersenm fra Norsk Folkehjelp: Atomvåpenrisikoen kan ikke kontrolleres. Vi må bruke stemmene våre til å kreve nedrustning. Europa og Norge står i veien for nedrustning.
Skuespiller Nami Kitagawa (halvt norsk, halvt japansk) leste opp appellen fra Jiro Hamasumi som var foster under bombingen. Han leder et landsdekkende organisasjon i Japan for å kreve at Japan undertegner forbudet mot atomvåpen og at ofre får erstatning for skader.

BKA-leder Linda Parr ved fredsmonumentet.

Spre klimavett,
del denne saken!

1 kommentar

  1. Jarle Sylta | 06.08.2024

    Som tusen soler

    Denne markeringa
    for å minnast over 200 tusen døde
    og vanlagnaden til dei overlevande,
    samanfatta i Zhao Pochus poem:
    Kvinna frå Hiroshima.
    Ho med forvridde lemer
    og brannsår over heile kroppen,
    bortsett frå ein uskadd flekk på ryggen
    der barnet hennar vart brend til aske.

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*