Utsleppa aukar

melkøya
Melkøya utenfor Hammerfest 1. januar 2020. Foto: Lars Bjørn Mehus

Sametinget går til sak over vedtaket om å elektrifisere Melkøya, mot regjeringa som ser på det som eit sers viktig klimatiltak. – Men dette stemmer ikkje, skriv Ingunn Elstad i Nordnorsk debatt. Gassen blir brent i utlandet, og utsleppa går ut i vår felles atmosfære. Når gasseksporten aukar, aukar dei globale klimautsleppa.

Av Ingunn Elstad, leiar Besteforeldrenes klimaaksjon i Troms

Det er snart eit år sidan regjeringa kunngjorde elektrifisering av Melkøya med «Kraft- og industriløft Finnmark». Nordområda skal inn i investorane og spekulantane sin tidsalder. Fri natur skal byggast ned, fort og varig. Dei naturbaserte næringane skal vike. Det store fleirtalet av befolkninga i Finnmark er mot. Sametingspresidenten seier at det er ei av dei største inngrepssakene i historia til Sápmi.

Dei siste tolv månadane har temperaturane i verda i snitt vore 1,5 grad over det førindustrielle nivået, med varmebølger, katastrofestormar og varmare hav. Noreg er med på det. Vi er ein av dei ti største eksportørane av klimautslepp i verda. Klimautsleppa frå norsk olje- og gasseksport er ti gongar større enn alle utslepp innanlands (Menon Economics (98/2022). I nordområda rir Staten to hestar, både fossile brennstoff og vindkraft. Målet er verdiskaping, det vil seie forteneste.

Det heiter i regjeringsvedtaket 8. august i fjor at Melkøya-utbygginga utløyser «det største, enkeltstående klimatiltaket besluttet av en norsk regjering«.

Det stemmer ikkje. Utbygginga vil auke og forlenge utvinninga og klimautsleppa, og det er regjeringa klar over. Energidepartementet gjorde det klart i eit hyggeleg brev til Equinor same dag: «Prosjektet ventes å forlenge levetiden til Hammerfest LNG til 2040. Økt forventet produksjon i perioden 2028-2043 som en følge av prosjektet er beregnet til 55,1 mrd. Sm3 salgsgass …» (Energidepartementet til Equinor 08.08.2023.)

Målet med utbygginga er å auke produksjonen av fossilgass. Prosjektet har fått det romantiske namnet «Snøhvit Future», og omfattar elektrifisering og installering av ny, kraftkrevjande teknologi, for å presse ut meir gass frå reservoara over fleire år. Norsk politikk går ut på å få opp den siste oljen og gassen – og få inn dei siste fossilmilliardane – før marknadane kollapsar. Gassen er ikkje klimavennleg. Når han blir brent i utlandet, går utsleppa ut i den felles atmosfæren. Når norsk gasseksport aukar, aukar dei globale klimautsleppa. (Rystad Energy 15/02/2023)

Norsk klimarekneskap omfattar berre utslepp innanfor grensene. Når turbinane som brenner gass på sokkelen blir erstatta av straum frå land, ser det ut som utsleppa går ned, men gassen som blir til overs, går til eksport. Utsleppa blir flytta til utlandet. Det gjeld også Melkøya- prosjektet. Energidepartementet skreiv uttrykkeleg til Equinor: «… I tillegg vil omleggingen av kraftforsyningen til drift med kraft fra nettet frigjøre om lag 5,8 mrd. Sm3 gass som kan selges i markedet.»

Ved å fase ut olje- og gassproduksjonen – med gassanlegget på Melkøya – på ein planmessig og rettferdig måte, kan Noreg vere med å bremse klimakrisa. Vi treng verkeleg å diskutere framtida til fossilstaten.

Regjeringa spelar høgt i Melkøya-saka. Trass i all kritikken i nord, har innvendingane ikkje nådd hovudstaden. Velvillige menneske trur på statsministeren når han framstiller Melkøya-prosjektet som eit stort klimatiltak. Dei demokratiske prosessane er sett på pause. Melkøya-vedtaket er ikkje behandla i Stortinget, og Sametinget har ikkje fått konsultasjon. Hovudstadsavisene styrar utanom Melkøya, og slepp knapt til lesarbrev om den norske satsinga på olje og gass i nord.

Derimot går Sametingsrådet til søksmål mot staten. Melkøya-vedtaket og «Kraft- og industriløftet» kan bli ei offentleg sak for heile nasjonen.

Spre klimavett,
del denne saken!

1 kommentar

  1. Jarle Sylta | 11.07.2024

    Denne regjeringa holder på med symbolpolitikk når det gjelder utslipp av klimagasser.Den går med hud og hår inn for meningsløs nedbygging av natur ifm. elektrifisering av Melkøya for samtidig å sende oppspart gass til utlandet.
    Om prosjekt som «Snøhvit Future» blir til «Reinsdyr Goodbye» , ser heller ikke ut til å bety så mye.
    Regjeringa blir mer og mer avhengig av å olje- og gassdope økonomien.Det skal som kjent brukes store summer på våpenopprustning framover.Det aller siste er beskjedne 1 milliard kroner på granater.Så det blir helt uaktuellt å redusere produksjonen av olje og gass.Her er det full fres til markedet stuper eller at naturen går løpsk.Regjeringen vil nok fortsette å late som om det er mulig å produsere grønn olje og gass,og dessuten påstå at flere våpen til krig er veien til fred.

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*