Melkøya-bløffen

melkøya (2)
– Kor lenge skal gassen frå Melkøya få halde fram med å forureina vår felles atmosfære? Foto: Lars Bjørn Mehus

Elektrifiseringsplanane for Melkøya har demonstrert at det politiske olje-Noreg og klimarørsla lever i kvar si verd. «Det største klimatiltak besluttet av en norsk regjering», seier Jonas Gahr Støre. – Nei, ein stor klimabløff! seier BKAs Ingunn Elstad. – Den norske klimarekneskapen vert sjåande penare ut. Men i ein større samanheng gir det inga meining.

Ingunn Elstad er lokallagsleiar i Besteforeldrenes klimaaksjon i Troms. – Då eg vart med i BKA for få år sidan, var vi opptatt av framtida for dei kommande generasjonane. Det har gått forferdeleg fort. Mange millionar barn er råka av tørke, flaum og svelt i dag. Redd Barna (ved direktør Gunvor Fylkesnes) går inn for at Noreg må fase ut olje og gass, og bruke Oljefondet til humanitær akutthjelp.
– FNs klimapanel gjer klart at 1,5 gradarsmålet, som Noreg har forplikta seg på, berre har ein sjanse dersom fossile brennstoff blir fasa ut raskt, og det gjeld både forbruk og produksjon. Fossile ressursar må bli i grunnen, og det må ikkje investerast i fossil infrastruktur. Åra fram til 2030 blir avgjerande for den globale omlegginga til eit nytt energisystem.
– Men Melkøya-elektrifiseringa vil fjerne et stort punktutslepp, heile 850.000 tonn CO₂ i året, argumenterar statsministeren. Kor er det han tek feil?
– Det er så enkelt som at gassen som har vore brent i gassturbinane på Melkøya, skal eksporterast og brennast i utlandet. Utsleppa går i den felles atmosfæren. Equinor slepp med færre klimakvotar, mindre CO2-avgift, og får ekstra ‘frigjort’ gass å selje. Dersom denne gassen blir å erstatte kol i Europa, kan nok utsleppa bli mindre, gitt at energiforbruket er konstant. Gasskraftverka i Europa er også meir effektive enn turbinane på sokkelen. Under presset av klimakrisa satsar EU no sterkt på energieffektivisering og fornybar energi, og vil frigjere seg meir frå den rådyre norske gassen.
– Det viktigaste er likevel at elektrifiseringa vil forlenge produksjonen av olje og gass, heilt i strid med krava frå det internasjonale samfunnet. Dei norske olje- og gassressursane minkar. Oljedirektoratet skriv i sin siste ressursrapport at fallet blir sterkt etter 2030. Direktør Trond Bokn i Equinor har forklart at klimakutt berre er ein del av målet for Melkøya. Det handlar også om å sikre drift etter 2029, ved å sikre tilstrøyming av gass etter som trykket fell i reservoara. Utvinningstillatinga for Snøhvit går ut i 2035. Direktør Grete B. Haaland i Equinor seier at som følgje av elektrifiseringsprosjektet forventar ein forlenging av driftsfasen med ti nye år.
– Då må vi hugse at utsleppa frå den eksporterte gassen frå Melkøya utgjer 13 millionar tonn CO2-ekvivalentar for kvart år produksjonen blir forlenga, meir enn femten gongar utsleppa frå gassturbinane i dag. Korkje karbonfangst eller vindkraft vil minke desse utsleppa.
– Gahr Støre seier òg at dette vil bli eit historisk løft for fornybar-satsing i Finnmark. Kva seier du til det?
– Krafta i Finnmark er ein lokal og regional fornybar ressurs, mest vasskraft, noko vindkraft. Det heng saman med at Statnetts Område Nord – nordre Nordland, Troms og Finnmark – er temmeleg lukka, med begrensa kapasitet for overføring inn og ut av området. I normalår er det omtrent energibalanse, med underskott på vinteren med behov for import, og overskott på sommaren, som blir overført til Midt-Norge og Sverige.
– Elektrifiseringsplanane føreset utbygging av ei 420 kV-line frå Skaidi til Hammerfest, eit stort inngrep for reinbeitedistrikta, som har protestert mot planane i mange år. Også NVE har innrømt at skadeverknadene for reindrifta vanskeleg kan avbøtast. Saka går etter alt å døme til retten og vil kunne bli ei ny Fosen-sak.
– Når Equinor har reservert meir straum enn Finnmark rår over, er det skapt ei kunstig kraftkrise, med mindre tilgang på straum og dyrare straum for hushaldningane, det eksisterande næringslivet og nye etableringar. I Alta-området er det hevda at hundrevis arbeidsplassar er sett i fare. Den store proteststormen har for det meste ikkje nådd media i hovudstaden.
– Så kjem neste trinn: Når «kraftkrisa» i Finnmark er etablert, skal det produserast energi til Melkøya gjennom massiv utbygging av vindkraft i natur- og reinbeiteområda, med rask saksbehandling og hurtigbygging av 420 kV-linjenett heilt til Varangerbotn. For å balansere variasjonen i vindkrafta, må ein sannsynlegvis likevel halde gassturbinar på Melkøya i drift.
– For ti års produksjon av klimaskadeleg fossil energi tar Noreg risikoen på å bryte menneskerettane ein gong til. Det er sagt at no skal Finnmark få del i det grønne skiftet. Det er så ein ikkje trur det!
– Kva er alternativet, slik du vurderer det? – Vi kan jo ikkje leve av berre rein og fiskeri, seier Ap-toppar i Finnmark, som no slår ring om elektrifiseringsprosjektet og kallar det ei gåve til fylket.
– Oljeselskapa og regjeringa ser nordover. Planane skal samanlagt omdanne Finnmark til eit industriområde. Til havs er det lyst ut 94 nye lisensar for leiteboring. Vasskrafta skal Equinor få. Dei store naturområda som befolkninga set så høgt, skal gjennomsyrast av vindparkar og gruver. For ein gavepakke!
– I andre land snakkar vi om nykolonialisme når styresmakter lar selskap ta seg til rette og øydelegge naturen i urfolksområde. Kva skal vi kalle dette?
– Når det gjeld alternativa, er nok dei det same overalt, i nord og sør. Det meste går fram av formålet til Besteforeldrenes klimaaksjon. Olje- og gassproduksjonen må fasast ut. Noreg må umiddelbart slutte å sende fornybar kraft til sokkelen for å forlenge ein olje- og gassproduksjon som uansett er fallande. Dette vil gi stor energigevinst.  Effektivisering og energiøkonomisering er grunnlaget. Det er ikkje rom for økonomisk vokster. Som samfunn må vi redusere sløsing, og fordele ressursane mykje betre. Nedbygging av natur forverrar klimakrisa, og må stanse.
– Det finst mange energikjelder som ikkje skadar naturen, som alt er i bruk og ikkje krev store investeringar, men som etter måten er lite kjent. Fossil- og fornybargruppa i Besteforeldrenes klimaaksjon, leia av Ola Dimmen, har laga ein gjennomgang som blir lagt fram no på Arendalsveka, avsluttar Ingunn Elstad – som sjøl ikkje kjem til Arendal, men saman med andre BKA-arar tek turen til Bakgårdsfestivalen i Harstad same veka.

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*