Besteforeldra i Troms ligg ikkje på latsida. På laurdag hadde dei stand i byen, og trefte mange hyggelege folk, fortel lokallagsleiar Ingunn Elstad, nett heimkomen frå landsmøte i Stavanger. – Fleire ville diskutere med oss, og var interessert i å bli med. Det gjeld å vere synleg til stades. Skal vi få nye medlemmar, må vi jo ut og treffe folk!
Frå landsmøtet hadde lokallaget fått med seg ein bunke av BKAs nye løpeseddel for kommunevalet, med den positive bodskapen om at «din stemme er viktig». Klimautsleppa må ned – i din kommune! Matjord og natur må beskyttast – i din kommune! – Valet nærmar seg, fortare enn vi trur. Då er det generasjonsansvaret og omsynet til dei som kjem etter oss, som er vår påminning til velgjarane, seier Ingunn Elstad.
– I tillegg hadde vi laga vår eigen løpeseddel om Nord-Norgebanen, som vi treng, og ein om elektrifisering av Melkøya, som bør stoppast. Det er verkelig kjekt å stå på stand, når vi får så bra respons som denne dagen!
Så bra at Tromsølaget er i gang med lokalvalgkamp. De har gode kort på hånden med sitt nei til elektrifisering av Melkøya og med krav om endelig å få gods and persontrafikk over på en jernbane med høy hastighet i Nord-Norge. Strømmen som blir spart, kan gå til nye, grønne arbeidsplasser. Og jernbanen vil bidra til sårt tiltrengt utslippskutt.
Takk til Ingunn og de som står på i Tromsø!
Takk igjen Linda og Finn Bjørnar!
Ja, det er slik vi tenker – elektrifisering og jernbanen er nasjonale saker, men det er ikkje tvil om at dei også er sentrale for kommunane og fylkestinget.