– Må bidra det vi kan

BKA i vekst helga

Alle hugsar Helga Hjetland, den profilerte leiaren av Norsk lærerlag og Utdanningsforbundet i 15 år, frå 1995 til 2010. No har også ho meldt seg inn i Besteforeldrenes klimaaksjon. – Vi treng å vise at eldre bryr seg, seier ho. – BKA er viktig som ein arena for oss som bekymrar oss og som gjerne vil bidra med det vi kan av engasjement og krefter.

– Lenge tenkt på å bli medlem

Helga Hjetland bur på Kyrkjebø i Høyanger kommune. 74 år, har seks barnebarn og eit oldebarn. Gift med Ottar i 54 år. I åra etter leiarvervet for lærarane har ho vore styreleiar i FN-sambandet og nestleiar i Noregs Mållag og i KA (Kyrkjas arbeidsgjevarorganisasjon). Har sete i styret for European Wergeland Centre og vore Europas representant i Global Campaign for Education for all. Sentralstyremedlem i Pensjonistforbundet sidan 2018.

– Eg har lenge tenkt på å melde meg inn i BKA. Eg er jo gammal lærar, og har undervist om planeten og naturen, og prøvd å skape engasjement i den tida der miljøagentar og ungar plukka søppel og verkeleg gjorde ein innsats. No har eg barnebarn som er miljø- og klimabevisste, og som har stått på i skuleaksjonar. Eg er oppriktig uroa for den framtida barnebarn og oldebarn kan møte. Verda er meir uroleg enn på mange år. Klimasituasjonen uroar meg og mange med meg. Dei katastrofene vi no har sett på nært hald med flaum i Pakistan, tørke i Afrika, stormar og varmebølger og her heime i vårt vesle land temperaturar som ikkje liknar det vi er vane med. Etter dette året bør alle vaksne – enten vi har barnebarn eller ikkje – bry oss og aktivisere oss for dei som kjem etter oss.

– Inga sak kan vel vere viktigare for oss som har vakse opp som dessertgenerasjonen der alt vart lagt til rette og alt gjekk ‘oppover’. No må vi bry oss. No må vi syte for dei som kjem etter oss. No må vi bidra og gjere vårt!

Helga Hjetland fortel også at ho som sentralstyremedlem i Pensjonistforbundet reiser mykje rundt i landet og møter medlemmer. – Det siste året har eg møtt ei aukande uro blant eldre over klima og miljø. Det opptek oss i Pensjonistforbundet at vi ikkje skal vere generasjonen som ‘dreg opp stigen etter oss’. Til landsmøtet vårt våren 2023 er det kome framlegg om meir engasjement for klima og miljø. Vi har utgitt eit eige policydokument om klima og miljø. PF og BKA bør kunne samarbeide godt omkring dette.


FAKTA om Besteforeldrenes klimaaksjon:

BKA ser på klimaendringane som ei etisk utfordring, som gjeld solidariteten mellom generasjonane.
BKA har i dag over 6700 medlemmer, og er verdas største organisasjon i sitt slag.
Målet no er 10 000 – for å bli ei politisk kraft ingen kan ignorere.
Medlemskap: 300 kroner. Støttemedlem: 150 kroner.
Sjå også: Spørsmål og svar om Besteforeldrenes klimaaksjon

 

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*