Vi må hogge meir for å redde klima, hevdar Skogeigarforbundet i ein kronikk i Klassekampen 14. juli. Alt som kan lagast av olje, kan også lagast av tre; auka bruk av tre betyr auka uttak av tømmer, osb. – Så enkelt er det no likevel ikkje, seier Martin Lindal i eit tilsvar 20.7. Mykje av det som vert sagt om dette, er villeiande propaganda, meiner han.
Grønvasking
Mange næringar prøver no grønvaske seg no for tida, ofte ved å framheve ulike symbolske tiltak og endringar som er på gong, seier Martin Lindal. – Det spesielle med den industrielle skogsnæringa er at dei hevdar at alt er i sin skjønaste orden; dei er allereie grøn og berekraftig og på rett veg.
– Men er det ikkje rett at dersom tre erstattar betong i bygningskonstruksjonar og liknande, så vil det vere positivt for klima?
– Jo, det er ganske sikkert riktig at det er bra å erstatte betong med tre. Såkalla massivhus er positivt for klima. Men når det gjeld mange av dei andre tinga som næringa ønsker å erstatte med treprodukt, så er det neppe energieffektivt. Sannsynlegvis vil det også i framtida vera lurt å bruke olje til avløpsrøyr og takrenner. Dei slepp ikkje ut klimagassar så lenge dei ikkje blir brent.
– 75 % av tømmeret brukt til kortliva produkt. Frå Finland kom det nettopp ein ny rapport der dei har gått gjennom forsking om korleis hogst verkar inn på karbonlagring og CO2-utslepp. Konklusjonen er at auka avverknad fører til redusert karbonlagring i minst 100 år.
Naturkrise og klimakrise
– Dette er ikke dine einaste innvendingar mot det industrielle skogbruket, veit eg. Som naturvernar er du oppteken av meir enn klima og karbonlagring?
– Det er viktig å ha i tankane at me har både ei klimakrise og ei naturkrise. Me har hatt store tap av biologisk mangfald dei siste 50 åra, og nær halvparten av dei trua artane lever i skog. Nær 90 prosent av dei er negativt påverka av hogst. Også naturvernarer erkjenner at skogen er ein viktig ressurs og at samfunnet treng skogsprodukt. Men avverkninga må gjerast på måtar som tar større omsyn til naturmangfald og friluftsliv.
– Når det snakkast om alt som kan lagast av tre, er vel storproduksjon av avansert biodrivstoff noko dei òg har i tankane. Kva trur du om ei slik satsing? Kor framtidsretta er det?
– Eg trur dette er ei blindgate. Biobrensel er eit kortliva produkt, og bruk av dette vil føre til utslepp av CO2. Og det vil ta mange tiår før nye tre vil binde ny karbon i tilsvarande mengd. Det er tid me ikkje har dersom me skal nå klimamåla. Me må satse vidare på el-bilar, og det står mange ledige hustak der det kan installerast solcellepanel. Med høge straumprisar som vi må rekne med også i framtida er det god økonomi i tillegg.
Viktig opplysning om grønnvasking av skogsnæringen, Martin. Takk!
Superviktig å ikke akseptere grønnvasking fra skognæringa. Det meste av de truede artene våre lever i produktiv skog. Vi står overfor en alvorlig natur- og klimakrise. Derfor bør dagens hogstmetoder erstattes av bærekraftig hogst som tar hensyn til artsmangfoldet.De får områdene som er igjen av naturskog og gammelskog bør vernes!
Pingback: Hogst og klima - Buskerud