Kult! – seier Ola Dimmen når han får høyre at Universitetet i Agder har utlyst eit dokorgradstipend om «Sanglyrikk og klima». Som musikalsk grasrotaktivist og songskrivar har den pensjonerte læraren i Trondheim fått mange med seg til å kjenne på krafta i allsongen. – Kjenslene må med! Inga folkerørsle utan song! No ladar han opp til valet 2021, og syng ut mot politikarar som ikkje vil forstå klimaalvoret.
Falskt beroligande
Norsk oljepolitikk er i konflikt med måla i Parisavtalen. Vi har berre åtte år igjen med dagens utslipp før vi har nådd 1,5 gradar global oppvarming. Likevel vil Noreg ta opp det meste av sine fossile ressursar, og satsar på olje- og gassproduksjon i mange tiår etter at verda må ha nullutslepp.
Fleirtalspartia held fram med sin falskt beroligande retorikk, i ein situasjon der klimaproblema kan eskallere når som helst, seier Ola Dimmen. Dei lager eit glansbilete av at vi har kontroll over den fremtida vi skaper. Dette handlar denne songen hans om – skrive til Broen til framtiden og brukt til allsong i Storsalen i Folkets Hus:.:
Inga folkerørsle utan song
Når det gjeld stipendiatet ved UiA, minner Ola om at song og musikk har spelt ei viktig rolle i alle folkerørsler gjennom tidene, som t.d. lekmannsrørsla og arbeidarrørsla. – Mange av oss vil hugse og var sjølv aktivt med i folkerørsla mot medlemskap i EU på byrjinga av 1970-talet. Nokre seier vi vann fordi vi hadde dei beste songane! Det er vel å ta hardt i, men song må til for å skape samkjensle og pågangsmot.
– Å vere ute på gata og synge og spele for å få fram bodskapen er det naturlegaste som finst. Mange tykkjer det er veldig kjekt å vere med på dette. Global oppvarming er eit dystert tema, og ein kan lett bli mismotig. Men det er noko i at «med sang blir vegen lett å gå», som det heitte i skolesongboka.
Tekst og melodi like viktig
Alle songane hans med notar og besifring ligg samla på denne sida: Song og musikk i klimakampen
Dei fleste av er laga etter det Ola kallar Vazelina-metoden: ta ein fengjande og kjend melodi og sett til ein ny tekst. – Det er ein fin tradisjon, som også Frelsesarmeen har nytta seg av. Når ein jobbar slik, vert ein veldig bevisst på kva ein god allsang-melodi er, kor viktig det er at han ligg innafor eit rimelig register for vanlege stemmer, har ei enkel form og slår an med ein gong. Gitaren er det perfekte kompe-instrumentet, lett å dra med seg, gir blikkontakt. Eg har skaffa meg den største gitaren med den største kassa eg kunne finne. Plekteret har eg skore ut av ein isboks. Dei ein får kjøpt, er ikke kraftige nok når Besteforeldrene dreg til!
Som jeg savner å kunne synge i lag de siste månedene. Jeg gleder meg til vi kan stå tett i tett på gata igjen og synge ut vårt riktige og viktige budskap. Det er ingen tvil om at allsangen med Ola har vært med å prege BKA sin sjel.
BKA i Molde og omegn har fått med oss mange barn i Miljøagent-skjorter i klimasangen. Dvs. at vi har stand sammen på Torget, og vi i BKA står bak som litt suflører, mens barna står foran med 2 mikrofoner og synger til folk i Storgata. Vi deler ut løpesedler, brosjyrer, har vervelister og lytter/prater om klima med folk. Alle barna øver de 5 klimasangene til Ola i klimamusikalen vår – i vår solkrok og får kosestelle med kaninene. Neste stand blir 5.sept. under Bjørnsonfestivalen, forrige i Moldejazz og i juni da Normann sykla innom. Hyggelig at barna er med – anbefales!