Grøne ambisjonar for Vestland

  • EMNER:
  • PUBLISERT:
    lørdag 14. sep 2019
  • AV:
    Redaksjonen
nytt vestland 30

Som fyrste fylke har Vestland nyss vedteke mål om nullutslepp i 2030. Det skal bli «ein grøn, desentralisert, samarbeidande, utviklande, open fylkeskommune», heiter det i Politisk plattform til fleirtalskoalisjonen SP, Ap, KrF, SV, MDG og V. «Fylket skal gjennom samfunnsplanlegging, regionalplanlegging og øvrig politikkutforming bidra til at FN sine klima- og berekraftsmål blir nådd.»

Frå plattforma, kapittel «Klima og miljø»

Vestlandet er framtidas grøne region. Mange av miljø- og klimaløysingane finn ein i vårt fylke, og klimaoppropet blant born og unge må følgjast opp med konkrete løysingar og politikk. Klima- og miljøomsyn skal gjennomsyra alle område fylkeskommunen har ansvar for, og FN sine berekraftsmål skal leggjast til grunn for all regional planlegging.

Krav til nullutslepp og ny teknologi er eit konkurransefortrinn for bedrifter og lokalsamfunn på Vestlandet. For å ytterlegare redusera utsleppa i åra som kjem, må offentleg sektor og privat sektor spela på lag. Auka kraftproduksjon og styrking av eksisterande kraftproduksjon må skje på ein måte som tek i vare natur og biologisk mangfald. Eit reint hav utan forureining er ei global utfordring, og er særleg viktig for oss som bur langs kysten og som lever av maritim og marin næring.

  • Vestland fylkeskommune skal laga ein ambisiøs klima- og miljøplan, utarbeida klimabudsjett og føra klimarekneskap. Me skal ha forpliktande utsleppskutt i tråd med Paris-avtalen.
  • Redusera bruk av plast i fylkeskommunen. Bidra til å halda engasjementet for plastrydding oppe.
  • Me skal sikra eit sterkt jordvern.
  • Vestland vil vega naturmangfald og miljøvern høgt i saker om vasskraftutbygging
  • Vestland vil ikkje ha utbygging av vindkraft i urørd natur eller på bekostning av viktige verdiar knytt til natur, landskap, friluftsliv, kultuminner/kulturmiljø og reiseliv.

Frå plattforma, kapittel «Samferdsel, kollektiv og mobilitet»

Fylkeskommunen skal vera sentral aktør for at landet når måla i Paris-avtalen. Målet om eit klimanøytralt fylke er sentral i samferdselspolitikken vår. Samarbeidspartia vil:

  • Prioritera rassikring, tenleg veg, liv og helse føre nye store vegprosjekt på fylkes-, riks- og europavegnettet.
  • Legga K5 alternativet til grunn for ny veg og bane mellom Bergen og Voss og krav om samanhengande utbygging.
  • Prioritera bygging av gang- og sykkelvegar.
  • Utvikla sykkelbyavtalar med fleire tettstader.
  • At Bybana til Åsane skal byggjast så fort som mogleg, og ein føreset kontinuerleg utbygging.
  • Stilla krav om nullutslepp i alle framtidige anbod i kollektivsektoren.
  • Sikra kortbanenettet og etablera infrastruktur på flyplassane som gjer det mogleg å ta i bruk elektriske fly på kortbanenettet.
  • Sikra byvekstavtalen mellom staten, Vestland, Bergen og omlandskommunane til Bergen som gjer oss i stand til å bygga infrastrukturen me treng for å nå nullvekstmålet for privatbilisme.
Spre klimavett,
del denne saken!

2 kommentarer

  1. Camilla Voss | 15.09.2019

    Hva med å stoppe planlagt fjorddeponi i Førdefjorden som definitivt svekker artsmangfoldet?

  2. Kristin Aspelund | 16.09.2019

    Imponerende, ambisiøse, nødvendige og gledelige målsetninger i den nye fylkeskommunen sin politiske plattform.både innen klima og miljø og samferdsel.
    Nå gjelder bare at alle partiene går for dette, når konkrete saker dukker opp.

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*