Blant dei mange unge som deltok på klimastreiken på Fagernes fredag 24. mai, var det to personar som skilde seg ut, skriv avisa Valdres. Bodvar Sonstad (73) og Margaret Heldor (67) frå Besteforeldrenes klimaaksjon. – Vi er her for å støtte barna som streikar i Greta Thunbergs ånd, seier Bodvar. Vi vaksne må nekte å la framtidige generasjonar arve ein døande planet fordi vi unnlèt å handle.
Frå «Valdresen» 2. juni:
Dei to representantane frå Besteforeldrenes klimaaksjon deltok på heile klimastreiken og var med å på kampropa, marsjen og heldt appell. – Min mor var miljøaktivist. No er ho 96 år og bur på sjukeheim. Då eg fortalde ho at eg hadde vore på demonstrasjon utanfor Stortinget i mars, sa ho til meg: Margaret, kan ikkje du lære meg litt om klima? fortalde Margaret Heldor til dei klimastreikande ungdommane på Skiferplassen på fredag. – Hugs at de har nokon i familien som treng å lære om klima, og de må hjelpe dei til å forstå at dette er alvor!