Mogleg å redusere flyreisinga

leopardtoget
Det nye Leopardtoget mellom Moskva og Vladivostok (6415 km). Det kan Valeria Jana Schwanitz ta neste gong ho skal til Japan.

Universitetsbladet På Høyden har i ein serie artiklar sett søkelys på reisevanar og manglande klimatiltak i universitets- og høgskulesektoren, og særleg Universitetet i Bergen. Der er festtalane og planstrategiane fulle av formuleringar om berekraft, medan rektor og tilsette flyg meir enn nokon gong. Men på høgskulen i Sogndal har dei ein forskar som tek tog i staden for fly til konferansar i Japan.

Ho er nettopp tilbake i Sogndal, førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet, Valeria Jana Schwanitz, etter det siste forskingsopphaldet i Japan. Det tok litt tid å komme seg både fram og tilbake. Men ikkje verre enn at det fint lar seg gjere.

Frå Schwanitz sette seg på bussen i Sogndal til ho nådde fram til Institutt for vitskap og teknologi på Okinawa, den japanske øya, tok det fjorten dagar. – Men eg kunne gjort det på ti. Eg kombinerte med ferie denne gongen, og hadde nokre stopp, seier ho.

Sidan Schwanitz begynte å jobbe ved Institutt for miljø og naturvitskap i Sogndal for fire år sidan har ho vore to gonger i Japan som gjesteforskar. I tillegg har ho dei siste par åra besøkt Marseilles, Toulouse, Lisboa, Torino og Napoli i samband med møter og konferansar – og fleire reiser blir det i åra framover, sidan ho no er involvert i eit større samarbeidsprosjekt med partnarar frå fleire EU-land. I tillegg kjem reisene kringom i Noreg.

Turane går alltid på skinner, eller på hjul, sidan det ikkje finst jernbane til Sogndal. Fly slutta ho med i 1995, lenge før ordskiftet om klima nådde akutte dimensjonar.

Ikkje åleine
I Sverige tok 18 forskarar frå sju universitet til orde for at arbeidsplassane skal halvere utsleppa innan fem år: «Om ikkje universitet og høgskular tar kunnskapen dei produserer på alvor – korleis kan vi då forvente at nokon andre gjer det?», skreiv forskarane i Dagens Nyheter.

I Danmark har 600 forskarar signert på eit ope brev til alle landets universitet med krav om å stille seg i spissen for klimakampen. Eitt av krava er å avgrense flyreiser og gi «massiv støtte til klimavennlege transportformer på alle nivå».

Sjå brei reportasje om forskarar og flyreising i På Høyden

Spre klimavett,
del denne saken!

2 kommentarer

  1. Inger E. Melbye | 17.02.2019

    Et forbilledlig eksempel! Det er viktig å få fram at det faktisk går an å ta tog til fjerne steder. Selv har jeg ikke vært lenger enn den sydlige delen av Spania og Hellas. Det tar kun to – tre døgn å komme seg dit, men de fleste reflekterer ikke en gang over muligheten. Dersom reisen skal foregå i Europa, kan man kjøpe en Interrailbillett (Seniorrail). Fordelen med toget er at man også opplever mye underveis og ikke bare blir fraktet fra ett sted til et annet.
    Anbefales herved!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*