Den internasjonale Starmus-festivalen i Trondheim trekkjer deltakarar frå heile verda. I dag vart dei møtt ved inngangen av Miljøagentar og Besteforeldre som aksjonerte saman for klodens framtid, med song og musikk og slagord:
Ikkje ødlegg jorda vår! Vi skal ha den i mange år!
Høyr på oss som overtar! Den einaste jorda vi har!
Vi drog til skikkelig til og sørga for å bli lagt merkje til og godt høyrt over hele området, fortel Ola Dimmen, som er musikalsk leiar for Besteforeldrenes populære rangleorkester. – Det er spesielt hyggeleg og inspirerande å få gjere noko saman med Miljøagentane. Dei hadde førebudd seg med plakatar og eigne rop. Dei markerte at vi har ei Grunnlov og ein miljøparagraf som skal gjelde for alle, men som blir broten kvar dag av dei som skulle vite betre!
Vi opplevde å få mykje entusiastisk respons frå deltakarane på Starmus, med smil, klapping og ivrige tomlar opp. Nokre av dei stoppa opp og ville vite meir om kven vi var. Det var folk både frå Tyskland, Spania og andre nasjonalitetar, så kanskje vi sådde nokre frø. Til og med kronprisesse Mette-Marit vinka entusiastisk då ho gjekk forbi oss.
Ola Dimmen tykkjer sjølvsagt óg det var stas at Miljøagentane og Besteforeldrene fekk æren av å opne kveldens NRK2-sending frå Starmus-festivalen, der temaet nettopp er trugsmålet frå global oppvarming: «Kan kloden reddes?» https://tv.nrk.no/serie/starmus/DMTV23500517/22-06-2017
Ja, samarbeid med Miljøagentene er så riktig, så riktig. Artikkelen var dagens vitamininnsprøyting. Vel blåst, ser det ut som.