Det var utruleg inspirerande å sjå engasjementet frå ungdommane i NU og alle dei andre som samla seg på Youngstorget denne laurdag formiddagen! Det seier Nina Weidemann og Ola Dimmen, som hadde teke turen eins ærend frå Trondheim for å delta i demonstrasjonane mot Arbeiderpartiets sokalla «kompromiss» for Lofoten. Dei to besteforeldreaktivistane hadde med seg eigne bidrag både i form av song og musikk, og satiriske plakatar som vart godt tekne imot.
Flott steming!
– Nina og eg hadde ein flott tur til Oslo sjølv om avstemninga på Arbeiderpartiets landsmøte vart som forventa, seier Ola. Men siste ordet er ikkje sagt, og dei skal vere klår over at dette blir kamp på kniven, i ein sak der vi har fleirtalet i folket bak oss. Eg er overtydd om at dette kjem til å skade oppslutninga om partiet, og at Støre hadde hatt mykje å hente ved å manne seg opp og stå imot presset frå oljelobbyen. Neste runde blir LO-kongressen i mai; det kjem heller ikkje til å gå stilt for seg!
Saman med Besteforeldreaksjonens folk i Oslo deltok trondheimarane i demonstrasjon framfor Folkets Hus først. – Før folkefesten for torsken og Lofoten, Vesterålen og Senja starta, delte vi ut songane og drog i gong allsong saman med mange frå NU og andre klimaentusiastar. Flott stemning og jubel, ei skikkeleg oppbyggeleg stund!
Besteforeldreaksjonen hadde eigen stand og hadde også trykt opp to av Ola sine satiriske fotomontasjar. – Vi gjekk rundt og tilbaud folk å halde medan vi tok bilete av dei med mobiltelefonane deira, fortel han.
Klimafornekting på norsk
– Vi fekk óg ein lang prat med Nina Jensen om kunnskapsnivået hos norske politikarar, mellom anna med erfaring frå utspørjingane av stortingskandidatar som vi har i Trondheim denne våren. Ho meinte dei hadde stor saksmengde å forhalde seg til, men ingen av oss hadde noko god forklaring på ignoransen vi ser i forhold til vitskap og klimakunnskap i det politiske Noreg.
Sjølv tillet Ola seg å vere nokså respektlaus. Politikarane må vite kva dei gjer, meiner han, når dei vel å halde seg unna kunnskapen om konsekvensane av eit vidare «oljeeventyr» i Arktis. Difor får dei óg tole at eg portrettetar dei med Trump-sveis o.l.. Eg ser jo på dei som ein slags klimafornektarar, sjølv om dei er smartare og meir subtile i argumentasjonen enn han som no herjar i Washington.
Hvorfor ikke legge ned Havforskningsinstituttet, Fiskeridirektoratet, Norsk Polarinstitutt og enda flere når våre politikere vet alt så mye bedre?
Takk til Nina og Ola som tok turen fra Trondheim for å delta i markeringene for å verne Lofoten, Vesterålen og Senja. Nei, den kampen er ikke over selv etter kompromissvedtaket på Aps landsmøte. For å sikre seg regjeringsmakt til høsten, må Ap nok ha med seg Sp og Krf eller SV, partier som vil verne om LoVeSe. Nå må vi drive klimavalgkamp!
Vi har i utgangspunkt 4 partier som som vi ikke kan stole på når det gjelder stopp i videre oljeutvinning. AP,Høyre, Sp, og Frp. Derfor må vi ikke gi vår stemme til noen av disse partiene ved valget høsten 2017. Disse partiene håper at det skal være helt andre saker enn miljø som skal prege valget og AP/H opptrer ofte sammen og krangler om sine saker. Hovedsaken miljø, blir til utydelige formuleringer, luftslått og forsikring om at de vil føre en ansvarlig olje og miljøpolitikk,men borres etter nye ojeforekomster må de..
La oss gi klar beskjed om klimasakenes viktighet.
Med bessfarhelsing
Vidar Lillebo