«Iskanten blei flytta for å bore lenger nord, så løfta frå Paris var løgn og lettkjøpte ord.» Slik lyder ein av strofane i den nye klimakampsongen til Ola Dimmen, musikalsk leiar for Besteforeldrenes street band i Trondheim og alltid til stades med kassegitar og smittsamt pågangsmot der det trengst. Song og musikk må til, meiner han. – Vi kan ikkje nøye oss med å appellere til intellektet, kjenslene må med, og vi må av og til setje ting på spissen. Som mange andre er eg forskrekka over det regjeringa no legg opp til i Barentshavet. Det gjer nasjonale og internasjonale klimamål til inkjes, og demonstrerar etter mitt syn rein kunnskapsforakt.
Her kan du høyre den nye songen:
Som alltid er Ola er oppkomme av aktuelle musikalske tekster. Denne siste er bare altfor aktuelt. Takk, Ola!