Byggjeforskriftene for lite klimaorienterte

  • EMNER:
  • PUBLISERT:
    mandag 9. mai 2016
  • AV:
    Redaksjonen

SundbyPensjonert landskapsarkitekt Trond Sundby i Balestrand er opptatt av korleis vi kan nytte meir trevirke i nye bygg, serleg i form av moderne massivtre-konstruksjonar. Det er ein revolusjonerande byggeteknikk som vil ha positive effekter både for det ytre og indre miljøet, meiner han. Han tykkjer det er beklageleg at byggjeforskriftene som snart trer i kraft (TEK10) sit fast i eit litt for einsidig fokus på energisparing. – Regjeringa snakkar om det grøne skiftet. Det er fint, då gjeld det at vi kjem i gong! Overgang til massivtre i bustad- og næringsbygg vil gi både grøne arbeidplassar og  helse- og klimavenlege bygningar.

Berekraftig arkitektur
Plan- og bygningslova er eigentleg den viktigaste klimalova vi har, seier Sundby. Lova styrer rammene for både inneklimaet vårt og klimagassutslepp gjennom krav til bygg og arealplanlegging. Det vil seie at stat og kommune har direkte mynde til å påverke klimaarbeidet meir direkte enn på mange andre område.

– Som ung mann på 1970-talet hugsar eg korleis nye progressive tankar greip om seg – og korleis dei var borte over natta då «jappetida» slo inn på 80-talet. I dag skjønner likevel stadig fleire at vi er nødt til å tenkje nytt for å oppretthalde eit leveleg klima. Heldigvis er det mykje vi kan gjere. Og heldigvis har teknologien gjort mange framsteg sjølv om miljømedvitet lenge har vore nokså labert.

Massivtre er vår tids svar på lafteteknikken som har prega norsk byggjeskikk i tusen år, seier Trond. Treplankar vert lagt ved sida av kvarandre eller i overlappende lag, og er limt eller skrudd saman. Det kan brukast som berande element i vegg, dekke og tak, og i alle slags bygg, små og store. – Når ein så ser på klimagassutslepp med bruk av ulike byggjemetoder og bygningsmaterialer, viser illustrasjonen nedanfor at massivtre er langt meir gunstig enn anna materiale. Skogen tek opp store mengder CO2 når han veks, så det vil vere veldig fornuftig og berekraftig å binde dette opp i bygningmasse.

Ill. fra Sigbjørn Faanes: Erfaring med bygging i massivtre (Klimax frokostmøte 29.10.15)

Ill. fra Sigbjørn Faanes: Erfaring med bygging i massivtre (Klimax frokostmøte 29.10.15)

– Viss ein legg inn krav til ei livsløpsanalyse med energibruk i produksjonen av alle materiala, vil bildet bli eit anna enn i dag der ein berre reknar på energibruken i ferdig hus. Det har også ført til at ein bygger pott tette «plastikkhus», og mange er bekymra for oppblomstring av luftvegsinfeksjonar og astma- og allergiplager. Forskriftene er utforma slik at dei krev styrd ventilasjon og ikkje fremjer alternative byggemetoder med pustane veggar og naturleg ventilasjon, slik massivtre som byggemateriale legg til rette for.

– Sjølv har eg problem med å forstå at det skal vere så vanskelig å kombinere kunnskap frå ulike område. Vi må utvikle eit heilskapleg, energi- og klimaeffektivt bustadkonsept basert på massivtre. Det vil vere framtidsretta, og eg vil oppmode alle til å ta dette opp med politikarar i eigen kommune og eige parti, for her er det mogleg å påverke.

sitat Gaua

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*