Eg har aldri vore spesielt grøn, så når slike som meg engasjerer seg, då er det alvor, seier Anne-Guri Ekern til Avisa Valdres. Saman med Bodvar Sonstad, begge frå Beitostølen, har ho reist med Klimatoget til Paris. – Eg er nok ein av dei som lett tenkjer at det angår ikkje meg. Eg er ikkje perfekt. Eg køyrer dieselbil. Eg vurderer ikkje å bli vegetarianar. Sånn sett representerer eg kanskje allmogen. I Paris er dei to væpna med banner og bøttehatt, godt humør og innøvde songar, fortel avisa. – Berre det å vere til stades og synlege i gatene er viktig for å leggja press på dei som skal utforma klimaavtalen, meiner Bodvar. Sjå artikkel frå Avisa Valdres HER.