Eid kommune i Sogn og Fjordane, med 6.000 innbyggjarar, har ca 120 mill NOK i langsiktige finansielle aktiva forvalta av profesjonelle finansforvaltarar. I tillegg kjem ca 250 mill kr i pensjonsfond, forvalta av KLP. Kommunestyret vedtok nylig å starte ein prosess for korleis kommunens investeringar kan få ein grøn profil. I vedtaket heiter det: «Eid kommune startar ein prosess for å vurdere muligheitene av å sikre ein grøn, miljøvennlig profil på kommunen sine fondsinvesteringar, utan at det svekkar dagens krav til avkastning og risiko.» Ordførar Alfred Bjørlo (V) meiner kommune-Norge må ta innover seg ny kunnskap om oljeeventyrets slutt. Sjå bloggen hans.