Bokomtale ved Erik Solheim, tidl. leiar i Norges Naturvernforbund
Kvart år sidan midt på 1980-talet har verda brukt meir olje enn det som er oppdaga i nye funn. Den oljen som var lett å få tak i, har vi svidd av. Kostnadene ved utvinninga stig, både i kroner og energiinnsats. Netto energiutbytte går ned. Hovudtrekka i desse realitetane gjer Alf R. Jacobsen greie for i den lettfattelege boka ”Mellom to onder. Olje og gass i det 21. århundret: Den vanskelige overgangen” (Vega forlag, 2012).
Peak oil
Det vanskelege er overgangen til ei verd som må klare seg med mindre olje enn før. Ein viktig grunn er risikoen for dramatisk oppvarming av atmosfæren. Men det ligg altså ein tvang i tillegg: Peak oil, toppen av den globale oljetappinga, er passert, og ingen har sett dei fornyelege alternativa i så store mengder at dei kan bli noko reell erstatning. Også det internasjonale energibyrået (IEA) i Paris kom til dette standpunktet når dei først sette seg inn i realitetane med eigne studium.
Også i Noreg stundar oljealderen mot solnedgangen. Utvinninga er halvert på litt over ti år, og dei nye funna kan berre utsetje nullpunktet, ikkje snu nedgangen til oppgang.
Forbybar energi ikkje nok
Olja er den berande krafta i vår globale økonomi, og fallande tilgang kan utløyse sosiale og økonomiske kriser, revolusjonar og krigar, skriv Jacobsen. På den andre sida kan større CO2-utslepp gje oss naturkatastrofar av eit omfang vi aldri har opplevd. Mange har forelska seg i fornyelege alternativ til oljen. Men dei har den realiteten i mot seg at mengdene er forsvinnande små samanlikna med dei fossile kjeldene. Sjølv om veksten i vindkraft og solcellestraum har vore enorm, i prosent, kom berre to prosent av elektrisiteten i verda frå vindturbinar i 2010, og 0,05 prosent frå solceller.
Mot eit lågenergisamfunn
”Mellom to onder” er den første boka som på norsk forklarer kva empiriske fakta har å seie til dei som svermar for fornyeleg energi i staden for fossil. I grove trekk er det biletet Jacobsen teiknar i samsvar med det vi får vite av informerte forfattarar i andre land. Oljealderen teiknar ei kurve som ei flaggstong på tidsaksen, bratt opp og bratt ned. Jacobsen refererer fleire forfattarar som har avslørt den store illusjonen, at vi kan halde fram om lag som før, men med andre middel. Dei tekniske løysingane som vi kjenner, er ufullstendige, tidkrevjande og dyre til det utilgjengelege.
Vi må altså innstille oss på eit langt mindre ekstravagant forbruk av energi. Lågutsleppssamfunnet er eit lågenergisamfunn. Dette er ikkje eit politisk motto, men ein fysisk realitet.
Vær realistisk: krev det umulige!
Det er kull- og oljeindustrien i kombinasjon med verdens plyndre-klasse med mangemilliardærer og deres evne til å manipulere oss til handlingslammelse som er problemet. Ikke menneskenes evne til nytenkning.
Selvfølgelig er energiforsyningen vanskelig. Selvfølgelig burde vi ha begynt å bygge sol-samfunnet for 40 år siden. Men vi kan komme oss ut av handlingslammelsen, brette opp ermene og begynne på det nye, bærekraftige samfunnet nå. Det vi ikke kan er å utsette.
Tyskland er på god vei. Alternativ energi er i ferd med å bli en betydelig del av energiforsyningen.. Det finnes mange eksempler på at vi mennesker vil noe annet enn viljeløst drive med strømmen i dommedagselva som oljemilliardærene, nærsynte monetarister og fundamentalistisk religiøse skitstøvler av all slag har satt opp for oss. Vi må si som Winston Churchill sa: We shall never surrender!
Se: . UNEP (2011) The great green technological transformation http://www.un.org/en/development/desa/policy/wess/wess_current/2011wess.pdf
Grønn økonomi: http://ufbutv.com/sub1/